Behandling i utlandet

Ein mann blei behandla på sjukehus i utlandet etter ei ulukke ved stuping. Sidan nødvendig behandling i EU og EØS blir dekt av folketrygda, meinte mannen at han burde kunne søke om pasientskadeerstatning. Han fekk avslag fordi slik behandling ikkje blir dekt av pasientskadeloven.

254429SDCRGB1.jpg

Skriv ut Del

Bokmål versjon

Publisert 11 nov. 2011 - Oppdatert 11 nov. 2011

31-åringen fekk ein alvorleg skade i ryggmargen under ei stupeulukke i utlandet. Behandlinga var ved eit offentleg sjukehus. Han hadde full funksjon i armane då han blei innlagd og fram til operasjonen dagen etter. Etter operasjon av ryggmargen, blei armane fullstendig og varig lamma.

I skademeldinga skriv mannen at sidan behandlinga skjedde på eit sjukehus i EU, med behandlinga dekt av Folketrygda, måtte kravet om erstatning kome inn under norsk lovgiving og pasientskadelova.

NPE si vurdering
Skaden har skjedd ved opphald på eit sjukehus i EU. Reglane for europeisk helsetrygdkort gir pasientar rett til dekning av utgifter til nødvendig medisinsk behandling på lik linje med innbyggjarane i landet ein oppheld seg i. For nordmenn gjeld dette i alle EU-land og EØS-landet Sveits.

Pasientskadelova dekker berre utanlandske sjukehus og legar, dersom det offentlege på førehand har inngått avtale med behandlingsstaden gjennom tilskot eller avtale om kjøp av tenester. Eit eksempel vil vere når pasientar blir sendte til behandling i utlandet som eit resultat av ventelistegaranti.

Om nordmenn på reise i utlandet får ein skade ved behandling av sjukdom, kan det ikkje søkast om erstatning hos NPE. Hadde behandlinga derimot blitt utført i eit av dei nordiske landa, kunne pasienten søkt erstatning gjennom dei nasjonale ordningane for pasientskadeerstatning. I denne saka blei pasienten behandla i Portugal, som ikkje har ei eiga erstatningsordning for pasientskadar.

Behandlinga etter stupeulukka i utlandet gir ikkje rett til erstatning frå NPE, sjølv om det utanlandske sjukehuset i etterkant får refunderte utgiftene sine av den norske folketrygda. Ordninga med pasientskadeerstatning er ein nasjonal rett som til no berre finst i dei nordiske landa. Pasienten fekk avslag i kravet om erstatning.