Kva skal til for å få erstatning?

For at du skal få erstatning frå NPE, må fire vilkår vere oppfylte. Vi rår deg til å lese punkta nedanfor før du søkjer.

24504MEDRGB600.jpg

Skriv ut Del

Bokmål versjon

Publisert 26 mar. 2012 - Oppdatert 04 apr. 2012

1 Skaden må komme av behandlinga
Du må ha fått ein skade som kjem av behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging. Ein skade kan vere både forbigåande og varig. Dersom skaden er ei følgje av sjukdommen du blei behandla for, har du ikkje krav på erstatning.

2 Skaden må komme av svikt i behandlinga
For at du skal ha krav på erstatning, må skaden din komme av behandlingssvikt. I tilfelle der det oppstår ein skade utan at det kjem av svikt i behandlinga, har du normalt ikkje krav på erstatning.

I nokre heilt spesielle tilfelle kan ein få erstatning sjølv om det ikkje har skjedd ei svikt. Dette gjeld dersom skaden er spesielt stor eller uventa.

3 Skaden må ha ført til økonomisk tap
Skaden må ha ført til økonomisk tap. Formålet med erstatninga er å dekkje auka utgifter til legebehandling, medisinar, transport og liknande. Du kan også få erstatning for inntektstap eller tap av forsørgjar.

Dersom det økonomiske tapet er under 5000 kroner, kan du ikkje krevje erstatning frå NPE: Du kan i staden vende deg direkte til den behandlingsstaden der skaden skjedde.

Dersom du har hatt forbigåande smerter eller ei dårleg oppleving, men ikkje eit økonomisk tap, får du ikkje erstatning. Du kan heller ikkje få erstatning som «plaster på såret».

I nokre tilfelle kan du få erstatning sjølv om du ikkje har noko økonomisk tap, for eksempel dersom du har fått ein varig og betydeleg skade. Dette blir kalla meinerstatning. Formålet med meinerstatninga er å kompensere for redusert livskvalitet.

4 Skaden må ikkje vere for gammal
Du kan søkje om pasientskadeerstatning seinast tre år etter at du burde ha forstått at det er behandlinga eller mangel på behandling som har ført til skaden. Les meir om forelding.