Saksførebuing
Etter at du har fylt ut skjemaet og signert det, sender du det til oss i NPE. Du får ei stadfesting innan få veker på at vi har motteke skademeldinga di. Vi hentar så inn ein uttale frå staden der du blei behandla, og eventuell annan relevant dokumentasjon som journalar og liknande. Du får tilsendt kopi av uttalen frå behandlingsstaden og har høve til å kommentere han. Det tek i snitt tre månader før vi har fått inn alle dokumenta vi treng for å ta til med vurderinga av saka di.
Saksbehandlar overtek saka
Saksbehandlaren vil sjå på dokumentasjonen som ligg føre, og hente inn meir informasjon dersom det er nødvendig. Dei viktigaste dokumenta i saka er innspela dine frå skademeldingsskjemaet, ei spesialistvurdering av saka di, journal og uttale frå behandlingsstaden. I tillegg ser saksbehandlaren til tidlegare vedtak på liknande saker som har vore vurderte av Pasientskadenemnda.
Du blir orientert om kva som skjer i saka di, gjennom kopiar av korrespondanse. Du kan sjølvsagt også ta kontakt med saksbehandlaren din om du lurer på noko, eller har nye opplysningar i saka.
Vurdering av dei medisinske problemstillingane i saka
NPE har tilsett rådgivande legar som alle er spesialistar på ulike område. I tillegg hentar vi sakkunnig erklæring frå spesialistar utanfor NPE. Kva løysing som blir vald, er avhenging av kor kompleks saka er, og om dei rådgivande legane våre har rett kompetanse i tilknyting til saka som skal vurderast.
Vedtak
Saksbehandlar greier ut dei medisinske og juridiske tilhøva som avgjer om du har krav på erstatning eller ikkje. Det tek normalt tolv månader før du får svar på dette.
Utrekning av erstatning
Om du får medhald i saka, finn NPE ut kor stor erstatninga skal vere. I denne fasen av saksbehandlinga treng vi innspel og informasjon frå deg. Utrekninga kan gjerast på bakgrunn av lov om skadeerstatning.
Saksbehandlar fastset erstatninga ut frå den konkrete situasjonen du er i, slik at dei noverande og framtidige økonomiske tapa dine blir dekte. Erstatninga kjem på toppen av eventuelle sjukepengar, trygderettar og liknande.
Det tek normalt tolv månader å rekne ut alle postane som er med i erstatningsbeløpet. Du kan få delar av beløpet utbetalt undervegs og eit sluttoppgjer når erstatninga er endeleg fastsett.
Målet er at du skal vere likt stilt økonomisk som du var før skaden skjedde.
Klage på vedtak
Om du får avslag i saka, kan du klage på vedtaket til Pasientskadenemnda. Klaga må du sende til oss innan tre veker etter at du har fått vedtaket.
Før ei klage blir behandla av Pasientskadenemnda, blir det på nytt vurdert om det er nødvendig med ytterlegare opplysningar som medisinskfaglege uttalar eller liknande. Dersom pasientskadenemnda gjer om avslagsvedtaket i NPE, går saka tilbake til NPE for utmåling av erstatning. Held nemnda avslaget ved lag, har du høve til å føre saka inn for domstolane.