Bruk av advokat

Når du søkjer om erstatning får du nødvendig hjelp frå oss, og vil normalt ikkje ha bruk for advokathjelp. Likevel vil utgiftene til advokat bli dekte i somme tilfelle. Om du har advokat som representerer deg, vil all korrespondanse og kontakt gå direkte til advokaten. Jobben til advokaten er så å formidle kopiar av brev og annan informasjon vidare til deg.

Skriv ut Bokmål | English | 18. juni 2019

Når du vurderer å søkje om erstatning
I denne fasen blir ikkje utgifter til advokat dekte. Kontakt oss på telefon om du lurer på om du bør søkje erstatning, eller om du har andre spørsmål. Vi har spesialkompetanse, både medisinsk og juridisk, og vil gi deg rettleiing og informasjon. Vi har inga eigeninteresse i om du søkjer erstatning eller ikkje. Pasientombod og helsepersonell kan òg i mange tilfelle hjelpe deg og gi deg innspel til vurderinga.

Utfylling av søknadsskjema
Om den som søkjer erstatning, har vanskar med å kommunisere med oss, kan det i nokre få tilfelle vere mogleg å få dekt utgifter til hjelp frå advokat for å fylle ut søknadsskjemaet og til å følgje opp saka medan ho blir behandla hos oss. Det kan vere om erstatningssøkjaren har vanskar med å lese, skrive eller snakke. Andre eksempel er om den som søkjer, ikkje snakkar norsk, eller ikkje er i stand til å ta vare på eigne interesser på grunn av reduserte mentale evner. Pasientombod og helsepersonell kan òg i mange tilfelle hjelpe til med å fylle ut søknadsskjemaet.

Vi kommuniserer med advokaten
Har du advokat, vil all korrespondanse gå direkte til advokaten. Det vil vere advokaten vi kontaktar om vi har spørsmål om noko som gjeld saka di. Advokaten vil heile tida bli orientert om kva som skjer, gjennom kopiar av brev vi sender ut eller tek i mot. Det er oppgåva til advokaten å formidle all informasjon vidare til deg.

Ved klage på vedtak
Om du får avslag, kan du klage på vedtaket til Pasientskadenemnda. Helseklage er sekretariat for PSN og førebur saka. Vi vil informere deg om høvet til å klage dersom du får eit avslagsvedtak, og du skal då sende klaga di til oss innan tre veker. Vi dekkjer vanlegvis ikkje utgifter til advokat for å hjelpe deg med å klage på vedtaket. Om du vel å bruke advokat og det viser seg at klaga fører til omgjering og medhald, får du dekt rimelege og nødvendige utgifter du har hatt i samband med å utforme klaga, og medan ho har vore til behandling.

Når NPE skal finne fram til storleiken på erstatninga
Om du får medhald i saka, vil vi finne fram til storleiken på erstatninga. I denne fasen av saksbehandlinga treng vi nye innspel og meir informasjon frå deg. Saksbehandlaren vår kartlegg følgjene av skaden, kva økonomiske konsekvensar han allereie har gitt deg, og kva konsekvensar han kan få i framtida.

I denne fasen kan du få dekt utgifter til advokathjelp i rimeleg og nødvendig omfang. Du kan krevje å få førehandsgodkjenning av oss på kva advokatutgifter som kan dekkjast.

Typiske oppgåver ein advokat kan hjelpe deg med:

  • sende over dokumentasjon vi spør etter
  • rettleie deg og vere kontaktledd mellom oss og deg
  • kartleggje dei økonomiske konsekvensane skaden har ført til, og sende oss ei utgreiing om kva du krev erstatning for
  • vurdere beløpet du får tilbod om i erstatning frå oss

Dekkjer NPE utgifter til advokat?
Om du har bestemt deg for å bruke advokat når du søkjer erstatning, kan du kontakte oss for å få ei vurdering av om vi vil dekkje utgiftene. Det er viktig at du har ei konkret grunngjeving for kvifor det vil vere rett at vi skal dekkje desse utgiftene.