Dekning av advokatutgifter

Her finn du meir informasjon om å få dekt advokatutgifter – særleg om den standardiserte timesatsen i pasientskadesakene.

Skriv ut Bokmål | English | 19. juni 2019

1. § 11 i pasientskadelova
2. Advokathjelp under utgreiing av ansvar
3. Advokathjelp under erstatningsutrekninga 
4. Advokathjelp som har vore nødvendig for å få gjort om iet vedtak i NPE
5. Omfanget av advokatutgifter
6. Salærsatsen
7. Behandlinga av krav om dekning av utgifter til advokat

Det følgjer av § 10 i pasientskadelova at det er NPE som skal greie ut sakene som blir melde til oss. Etter § 14 i same lova gjeld forvaltningslova og offentleglova for verksemda i NPE. Saksbehandlinga i NPE er gratis for dei som søkjer om erstatning. NPE skal gi slik rettleiing og hjelp som er nødvendig i samband med pasientskadesakene. I somme tilfelle kan det vere rett at erstatningssøkjaren i tillegg har juridisk hjelp frå eigen engasjert advokat. Særleg gjeld dette under erstatningsutmålinga, og i tilfelle der det er vanskeleg for pasienten å kommunisere med NPE, og i saker som er meir kompliserte eller alvorlege.

1. Paragraf 11 i pasientskadelova
«Pasientens utgifter til advokathjelp dekkes dersom Norsk Pasientskadeerstatning har truffet vedtak om det, eller utgiftene må regnes som tap som følge av skaden. Pasienten kan kreve forhåndsavgjørelse fra Norsk Pasientskadeerstatning om hvilke advokatutgifter som vil bli dekket.»

Det går fram av førearbeida til pasientskadelova at ein bør vere noko mindre restriktiv med å innvilge dekning av advokatutgifter etter lova enn det ein har vore i den mellombelse ordninga. Bruk av advokat bør likevel ikkje på nokon måte bli hovudregelen, blir det sagt i Ot.prp. nr. 31 (1998-99) s. 87.

2. Advokathjelp under utgreiing av ansvar (spørsmål om ein har krav på erstatning)
Hovudregelen er framleis at NPE ikkje tilkjenner dekning av utgifter mens ansvarsgrunnlaget blir utgreidd. Bakgrunnen for dette er at NPE er eit uavhengig, nøytralt og objektivt organ som ikkje har eigeninteresse i utfallet av sakene. NPE har monaleg spesialkompetanse og ressursar, både medisinsk og juridisk, og har som nemnt plikt til å rettleie og hjelpe til i samband med at sakene blir behandla.

Unntak frå denne hovudregelen vil kunne vere tilfelle der det er vanskeleg å kommunisere med pasienten, til dømes fordi pasienten ikkje kan lese, skrive eller snakke, der pasienten eller dei pårørande ikkje snakkar norsk, eller der pasienten har reduserte mentale evner og derfor ikkje kan ta hand om interessene sine i tilstrekkeleg grad. Der det er tvil om slike vilkår ligg føre, vil det vere rett å leggje fram legeattest eller annan dokumentasjon for å få stadfesta den tilstanden som pasienten viser til.

3. Advokathjelp under erstatningsutrekninga (vurdering av kor stor erstatninga skal vere)
I utrekningssaker blir i utgangspunktet nødvendige og rimelege utgifter til juridisk bistand dekte, jamfør at slike utgifter blir rekna som ein del av «lidt skade» som skal erstattast etter § 3-1, første leddet i skadeerstatningslova.

4. Advokathjelp som har vore nødvendig for å få gjort om eit vedtak i NPE
§ 36, 1. ledd i forvaltningslova seier:
«Når et vedtak blir endret til gunst for en part skal han tilkjennes dekning for vesentlige kostnader som har vært nødvendige for å få endret vedtaket, med mindre endringen skyldes partens eget forhold eller forhold utenfor forvaltningens kontroll, eller andre særlige forhold taler mot det.»

Dersom eit vedtak blir gjort om anten ved klage eller av eige tiltak, skal NPE dekkje advokatutgifter som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Det er berre vesentlege kostnader, det vil seie utover mindre beløp til med meir, som du kan krevje å få dekt. I tillegg til utgifter til advokat kan til dømes eigne reiseutgifter dekkjast. Dersom ein kunne ha fått endra vedtaket ved ein enkel førespurnad til vedtaksorganet, vil ein ikkje sjå det som nødvendig å bruke advokat. Det er altså ikkje all hjelp i samband med ansvarsvurderinga som skal dekkjast, berre det arbeidet som har vore viktig for at vedtaket blei endra.

5. Omfanget av advokatutgifter
Utgangspunktet er at det er nødvendige og rimelege utgifter til advokathjelp som blir dekt, jf. at dette er generelle vilkår for dekning av utgifter under lidt skade; skl. § 3-1, 1. ledd. Arbeidet som kan honorerast av NPE skal stå i forhold til storleiken og kompleksiteten på saka. Det er, som nemnt over, NPE som greier ut og tek stilling til saka. Til dømes skal NPE innhente dokumentasjon frå offentlege instansar, som trygdedokument, kopi av sjølvmeldingar m.m.

Advokaten har i hovudsak som rolle å sikre at klienten får ei korrekt behandling og erstatning frå NPE. Oppgåvene til advokaten er å brevveksle regelmessig med NPE. I dette ligg òg å sende over dokumentasjon frå erstatningssøkjaren, ha telefonkontakt med klienten og med NPE, ha møte(r) med klienten, eventuelt òg med NPE. Dessutan skal advokaten setje fram krav, vurdere tilbod frå NPE, kontrollere utrekningane NPE har gjort, og i nokon grad sjølv gjere utrekningar av aktuelle erstatningspostar. Om advokaten treng å setje seg inn i teori og praksis i erstatningsretten, betalar ikkje NPE for dette.

6. Salærsatsen
I saker som er melde til NPE etter 1. april 2009, skal salæret reknast ut frå den offentlege timesatsen som gjeld til kvar tid.

I tråd med pasientskadelova § 11 andre ledd, jamfør § 2 i forskrift om dekning av pasienters utgifter til advokat, skal utgifter til advokat reknast ut frå ein timesats som svarer til den salærsatsen som til kvar tid gjeld. Justisdepartementet fastset salærsatsen med heimel i forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 om salær fra det offentlige til advokater m.v. (salærforskrifta) § 2. Meirverdiavgift kjem i tillegg til salærsatsen. Når NPE eller Pasientskadenemnda dekkjer advokatutgifter etter salærsatsen, kan advokaten ikkje krevje eller få meir vederlag av pasienten for denne delen av saka, til dømes for å få dekt differansen mellom vanleg timepris og salærsatsen, jf pasientskadelova § 11 tredje ledd. Utgifter til hjelp frå advokat som har vore nødvendig for å få eit vedtak endra, jf forvaltningslova § 36, er ikkje omfatta av desse lovreglane.

7. Behandlinga av krav om dekning av utgifter til advokat
Dersom erstatningssøkjaren ynskjer advokathjelp, må han eller ho ta opp dette med NPE, helst skriftleg. NPE tek då stilling til om vi kan gi dekning til slik hjelp. Avslår vi eit krav om å dekkje advokathjelp, kan du klage på vedtaket til Pasientskadenemnda. NPE kan etter krav ta ei førehandsavgjerd om kva advokatutgifter som kan dekkjast. I alle tilfelle der NPE dekkjer advokatutgifter, er det rimelege og nødvendige utgifter til juridisk hjelp i samband med saksbehandlinga i NPE som blir dekt. Når saka blir avslutta, skal det leggjast fram ei spesifisert oversikt over arbeid advokaten har utført i saka, til dømes timeliste. NPE kan gjere vedtak om kor mykje ein skal dekkje til advokathjelpa, jf forskrifta § 4. Du kan klage på eit slikt vedtak til Pasientskadenemnda.

NPE er ein statleg etat. Med heimel i Forskrift til merverdiavgiftsloven nr. 1540, fastsett 15.12.2009, § 15-9-1 kan advokaten vente med å rapportere inn meirverdiavgift til den terminen det offentlege organet (NPE) fastset advokatsalæret. Advokaten treng altså ikkje å fakturere salær periodisk av omsyn til innrapportering av meirverdiavgift.