Ettergløymd kompress - avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter at det blei funne ein ettergløymd kompress i underlivet etter fødsel. Ho meinte at dette var årsaka til at ho seinare fekk betennelse i hjarteposen. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2019

Kvinna gjennomgjekk ein fødsel og måtte syast i underlivet på grunn av rifter og bløding. Ei veke etter fødselen kom ho tilbake til sjukehuset på grunn av at ho hadde utflod som lukta vondt. Ein fann då ein ettergløymd kompress. Kvinna hadde noko feber. Ho fekk difor antibiotika for å hindre infeksjon som hadde potensial for å gi blodforgifting.

Fire månader seinare fekk kvinna plutselege smerter i brystet. Via legevakta blei ho innlagd på sjukehus for undersøking med tanke på at det kunne vere hjartesjukdom. Det blei teke prøvar og gjort undersøkingar av kvinna, mellom anna blodprøvar, EKG, CT av hjartekara og MR av hjartet. Alle undersøkingane gav normale funn. Sjukehuset konkluderte med at kvinna hadde ein betennelse i hjartemuskelen, som ho fekk oppfølging for.

Vurderinga vår
Saka blei ikkje vurdert av sakkunnig spesialist.

Vi meinte at det ikkje var nokon sannsynleg samanheng mellom den ettergløymde kompressen i underlivet fire månader før, og utviklinga av betennelse i hjartemuskelen. Ho utvikla ikkje nokon infeksjon som følgje av kompressen.

I alle tilfelle meinte vi at ho ikkje hadde utgifter på kr 10 000 eller meir, og ho fylte difor ikke dette kriteriet i pasientskadelova.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.