Ettergløymd kompress - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for eit langvarig sjukdomsforløp etter ein operasjon i brystet. Det blei funne ein ettergløymd kompress etter operasjonen. Denne medførte infeksjon. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. februar 2019

Kvinna blei tilvist til undersøking av det eine brystet på grunn av ein hevelse. Det blei funne ein verkebyll som blei tømd. Eit dren blei lagt inn i sårhola som blei skyld med saltvatn og det blei gjort daglege sårskift. Etter ei tid måtte kvinna behandlast på nytt, då byllen var komen tilbake. I tillegg til sårskifta fekk ho òg langvarig antibiotikabehandling utan at betennelsen ville gi seg.

Eit halvt års tid etter blei kvinna innlagd på sjukehuset av annan grunn. Då såg ein at det framleis væska frå såret i brystet, men ultralydundersøking avdekte ingenting gale. Eitt års tid etter dette blei ho tilvist frå fastlegen att. Ved ultralydundersøkinga av sårhola i brystet denne gongen fann dei ein ettergløymd kompress. Ein meinte dette var årsaka til at såret ikkje ville gro, og han blei fjerna. Ved ny gransking av ultralydbilda frå året før, fann ein at kompressen òg var synleg  på desse bilda.

Vurderinga vår
Det var ikkje nødvendig å be ein sakkunnig spesialist vurdere saka, ettersom uttalen frå sjukehuset var tilstrekkeleg.

Vi meinte at kompressen mest sannsynleg var ettergløymd ved eit av sårskifta og var årsaka til at betennelsen blussa opp att. Vi meinte at kompressen burde vore oppdaga i samband med ultralydundersøkinga eitt år tidlegare. Kvinna fekk dermed ein forlengd behandlingsperiode på rundt eitt år.

Ho har difor rett til erstatning.