Ettergløymd kompress - medhald

Ein mann søkte erstatning etter at ein kompress blei gløymd att i buken hans etter ein operasjon for å få lagd tarmen tilbake etter behandling for tarmkreft. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2019

Mannen hadde fått utlagd tarm (stomi) etter behandling for tarmkreft. Etter ei tid ynskte han å få lagd tarmen tilbake. Han blei vellukka operert for dette. Dagen etter oppdaga kirurgen som undersøkte bilda etter operasjonen ein framandlekam i buken til mannen. Han mistenkte at det kunne vere ein ettergløymd kompress.

Mannen blei difor kalla inn til undersøking og ny operasjon for å få fjerna kompressen. Det gjekk likevel nokre veker før han fekk time for denne operasjonen. I tilknyting til operasjonen fann ein at det var byrjande infeksjon rundt kompressen. Mannen fekk difor antibiotika.

Vurderinga vår
Det var ikkje nødvendig å få ei vurdering frå ein sakkunnig spesialist.

Vi meinte at det å gløyme att ein kompress i operasjonsområdet ikkje var god medisinsk praksis. Mannen måtte som følgje av rutinesvikten opererast på nytt. Han måtte gå gjennom ein ekstra kur med antibiotika og han fekk ein lengre sjukdomsperiode. Behandlingsskaden gav likevel ingen varige plager.

Mannen har rett til erstatning.