Ettergløymd metallbit - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for smerter og plager i kneet etter ei artroskopisk undersøking der det blei liggjande att ein metallbit frå eit instrument. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. februar 2019

Kvinna hadde  hatt vondt i eit kne i lenger tid. Etter eit fall blei dette verre. Legane mistenkte at ho hadde fått ein skade i menisken. Ho blei difor undersøkt med artroskop.

I fleire år etter denne undersøkinga var kvinna plaga med smerter og at kneleddet låste seg. Fastlegen sende henne til MR-undersøking på sjukehuset. Då fann dei ein liten metallbit på utsida av kneleddet. Han blei operert ut, og etter det hadde kvinna ikkje problem med kneet.

Vurderinga vår
Ein sakkunig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at legane burde oppdaga at instrumentet var defekt, og at det låg att ein metallbit etter den artroskopiske undersøkinga. Vi meinte likevel at dette ikkje var årsaka til dei vedvarande problema kvinna hadde med kneet. Metallbiten lå innkapsla utanfor kneleddet og påverka ikkje funksjonen i sjølve leddet. Vi konkluderte med at det var tilstanden i kneleddet som var årsaka til at det låste seg, og ikkje metallbiten.

Kvinna var ikkje påført ein pasientskade som følgje av svikt i behandlinga.

Ho har difor ikkje rett til erstatning.