Fødsel - skade på mor - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for mangelfull fødselshjelp fordi ho ikkje blei klipt opp under fødselen. Det oppstod ei stor rift med skade på lukkemuskelen til endetarmen, som har ført til vedvarande plager og økonomisk tap. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. april 2020

Kvinna hadde fødd før, og blei då klipt opp i mellomkjøtet (episiotomi), som blir gjort for å hindre ukontrollerte rifter under fødselen. Sidan ho hadde plager frå dette arret, ynskte ho oppklipp same stad, om nødvendig, for å få arret korrigert.

På grunn av sakte framgang under trykkinga blei det lagd vakuumkopp og barnet blei fødd utan komplikasjonar. Legane vurderte at det ikkje var nødvendig å klippe. Under forløysinga kom det likevel til ei stor rift der òg lukkemuskelen til endetarmen blei skadd. Rifta blei sydd på operasjonsstove etter fødselen.

Fødselslegen opplyste at det er vanleg å leggje episiotomi ved vakuumfødsel, men at dette ikkje blei gjort fordi kvinna ikkje ynskte det.

Kvinna har etter dette hatt plager med mellom anna urin- og luftlekkasje.

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at oppfølginga før og under fødselen var i tråd med god medisinsk praksis. Då det blei dårleg framgang under trykkinga, var det rett å bruke vakuumkopp. Det var då lett å få barnet ut.

For fleirgongsfødande er det etter rettleiaren i fødselshjelp ei vurderingssak om det skal leggjast episiotomi. I dette tilfellet var denne avgjerda gjort etter ei samla vurdering av dei involverte fødselslegane. Å avstå frå episiotomi var i tråd med godkjend praksis. Måten vakuumkoppen blei brukt på følgde retningslinjene, med mellom anna støtte av mellomkjøtet (perineum) for å hindre rifter.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.