Fødsel - skade på mor - medhald

Ei kvinne søkte erstatning etter at ho fekk ein stor skade på lukkemuskelen til endetarmen (sfinkter) under fødselen av det tredje barnet sitt. Skaden blei ikkje oppdaga før fleire månader etterpå. Ho meinte at ho fekk eit økonomisk tap som følgje av skaden. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. april 2020

Kvinna kom inn på sjukehuset med vassavgang og rier etter eit normalt svangerskap. Ho fødde spontant og vaginalt utan komplikasjonar. Jordmor registrerte at det kom til ei rift som ho oppfatta var berre i mellomkjøtet (perineum). Rifta blei sydd utan komplikasjonar.

Eit halvt år seinare blei kvinna tilvist til gynekologisk poliklinikk då ho hadde inkontinens for avføring. Gynekologen som undersøkte henne fann at ho ikkje hadde nokon funksjon i lukkemuskelen til endetarmen. Der blei ho tilvist til kirurgisk behandling. Før ein kunne reparere den omfattande skaden, måtte ho ein periode få utlagd tarm på magen.

Etter at skaden på lukkemuskelen var reparert, blei tarmen lagd tilbake. Etter dette har ho hatt normal funksjon og dermed ingen varig skade.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at den store skaden i mellomkjøtet og lukkemuskelen skuldast fødselshjelpa. Det blei ikkje dokumentert kva tiltak som blei gjort for å hindre at skaden oppstod. Det er godt kjent og i tråd med «Veileder i fødselshjelp» at støtte av hovudet til barnet, samarbeid mellom mor og fødselshjelpar, pusteteknikk og perineumstøtte kan hindre slike skadar hjå mor. I tillegg skulle skaden vore oppdaga allereie på fødestova. Slike skadar skal syast med ein gong for å få best mogleg resultat. I dette tilfellet blei skaden oppdaga fyrst etter fleire månader.

Kvinna blei etter dette påført ein pasientskade som følgje av svikt ved behandlinga.

Ho har difor rett til erstatning.