Gynekologi – tarmskade - medhald

Ei kvinne måtte få operert bort ein polypp i livmora. Under inngrepet fekk ho hol i tarmen, og måtte opererast for det. Ho fekk eit langt sjukehusopphald som ho søkte erstatning for. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 5. januar 2018

Gynekologen til kvinna hadde funne ein polypp i livmora hennar. Fordi slike polyppar kan vere teikn på kreftforandringar, blei ho tilvist til sjukehus for å få fjerna polyppen som dagkirurgisk behandling. Det viste seg å vere vanskeleg å kome til i livmorhola på grunn av trong livmorhals. Spesialisten fjerna polyppen med ei polypptong, men fekk ikkje undersøkt livmorhola med video (hysteroskopi) etterpå.

Etter operasjonen fekk kvinna smerter i nedre del av magen. Legane mistenkte at ho hadde fått eit hol på tarmen under operasjonen. Kvinna blei lagd inn og operert dagen etter. Ho blei fyrst operert med kikholsteknikk. Under operasjonen fann legane to hol på tarmen. Sidan ein del av den skadde tarmen måtte fjernast, måtte dei opne buken. Inngrepet blei då meir omfattande.

Kvinna fekk eit lengre sjukehusopphald, då ho fekk infeksjonar og vatn på lungene. Ho søkte om erstatning for dei meirutgiftene ho fekk i ein periode etter tarmskaden.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at det var medisinsk grunnlag for å gjere operasjonen, fordi det generelt er ein risiko for at slike polypper kan bli vondarta.

Sjølve inngrepet blei ikkje gjennomført i tråd med god medisinsk praksis. På grunn av tronge forhold i livmorhalsen, var det vanskeleg å kome inn med eit skop. Det var nødvendig å gå inn i livmora i fleire omgangar. Den som opererte prøvde å fjerne polyppen med tang utan at han såg kva han gjorde. Denne måten å gjere dette inngrepet på er ikkje rett, og auka risikoen for skade på andre organ. Vi meinte at det var samanheng mellom måten operasjonen blei gjort, og skaden på tarmen.

Kvinna har rett til erstatning.