Opptrening etter skulderskade - avslag

Ei kvinne søkte erstatning då ho meinte at ho fekk frozen shoulder fordi øvingane hos fysioterapeut etter ein skulderoperasjon var altfor harde. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 16. oktober 2017

Kvinna blei operert for smerteplager og nedsett rørsleevne i skuldra, på grunn av for tronge forhold under skuldertaket og leddhovudet (impingement syndrom). Ho blei tilrådd å ta kontakt med fysioterapeut for å kome i gang med normal rørsle etter operasjonen. Ho fekk òg beskjed om at ho kunne presse til smertegrensa.

Fysioterapeuten instruerte henne i pendeløvingar og andre lette øvingar. Kvinna avbraut behandlinga etter seks gonger då ho fekk auka smerter i skuldra. Ved ny kontroll på sjukehuset, mistenkte legane at ho var i ferd med å utvikle frozen shoulder. Kvinna blei instruert om å gjere enkle øvingar til smertegrensa.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering vurderte saka.

Vi meinte at det behandlingsopplegget kvinna fekk hos fysioterapeuten var i tråd med god medisinsk praksis. Det er ikkje sannsynleg at øvingane kvinna fekk, førte til at ho utvikla frozen shoulder.

Kvinna har difor ikkje rett til erstatning.