Opptrening etter skulderskade - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for vedvarande smerter og nedsett funksjon i skuldra etter at skuldra kom ut av ledd. Ho meinte at hardhendt manipulering av skuldra hos fysioterapeuten gav henne ny skade, og at det ikkje var rett å gjere denne manøveren utan å sjekke tilstanden i skuldra fyrst. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 16. oktober 2017

Kvinna fall på isen og slo skuldra ut av ledd. Skuldra blei sett på plass att på sjukehuset. Røntgen viste i tillegg at ein beinbit med festet til ein skuldermuskel var riven av, men låg i god stilling og grodde fint. Etter nokre veker blei ho send til opptrening av skuldra med tøyeøvingar.

Trass i langvarig behandling, blei ho ikkje betre. Fysioterapeuten prøvde då å justere skulderleddet til ei anna stilling med ein manøver. Etter dette blei smertene verre. Ei MR-undersøking viste at den lause beinbiten hadde kome noko ut av stilling og festet til ein skuldermuskel hadde losna. Muskelen hadde byrja å skrumpe.

Det viste seg at brotet i skuldra ikkje grodde, og ortopedane tilrådde å operere for å få brotet til å gro. Kvinna ynskte ikkje det. Ho fekk vedvarande smerter og nedsett rørsleevne i skuldra.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig fysioterapeut vurderte saka.

Vi meinte at den manøveren som fysioterapeuten gjorde for å få skuldra over i ei anna stilling ikkje var i tråd med god praksis. Før skulderjusteringa var det ikkje gjort nokon undersøkingar for å sikre at brotet var grodd. Det var difor ikkje grunnlag for å gjere denne manøveren. Det førte òg til at tilstanden blei verre og at kvinna fekk vedvarande auka smerter og nedsett rørsleevne i skuldra.

Kvinna har rett til erstatning.