Brokkoperasjon – avslag

Ein mann blei operert for brokk i lysken. Etter operasjonen fekk han bløding og smerter i lysken. Han meinte dette kom av at operasjonen ikkje var gjort på rett måte, og søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2017

Mannen kom til undersøking på sjukehuset med akutt verre tilstand etter nokre dagar med smerter i magen og lysken. Legane fann eit lyskebrokk delvis nede i pungen. Dei prøvde å trykkje brokket inn att, utan at smertene til mannen blei mindre.

Mannen blei difor operert for brokket med kikholskirurgi. Det var noko uoversiktlege forhold i operasjonsområdet, og det var difor vanskeleg å få lagt brokket inn att. Det oppstod ei lita bløding som blei stoppa. Kirurgen la til slutt inn eit nett over opninga.

Nokre dagar etter operasjonen kom mannen tilbake fordi han hadde fått ei stor blodopphoping i lysken, med heving og smerter. Legane meinte dette var slik som venta, og dei sende mannen heim. Han var til fleire kontrollar, utan at ein fann grunnlag for fleire inngrep. Hevinga roa seg etter kvart.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var god grunn til å gjere inngrepet, fordi ein hadde funne eit brokk i lysken og mannen hadde smerter. Inngrepet blei gjort etter god medisinsk praksis. Det var dårleg oversikt i operasjonsområdet, og det var vanskeleg å få brokket inn att. Under dette arbeidet oppstod ei lita bløding. Blødinga var ein skade som fylgje av inngrepet, og var sannsynlegvis grunnen til at blodopphopinga oppstod i pungen i tida etter operasjonen. Dette var likevel ikkje ein pasientskade som kom av svikt.

At det oppstår blødingar, hevingar og smerter ved denne typen inngrep, er ikkje uvanleg. I dette tilfellet gjekk plagene tilbake etter ei tid.

Mannen har ikkje rett til erstatning.