Koronar angiografi - medhald

Ei kvinne søkte erstatning etter røntgenundersøking av kransårene rundt hjartet. Ho fekk ei bløding frå blodåra ved innstikkstaden på armen. Dette gjorde at ho fekk konstante smerter i handa og armen. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2018

Kvinna blei tilvist til røntgenundersøking av hjartekransårene (koronar angiografi) på grunn av aukande symptom på hjartesvikt. Frå før brukte ho blodfortynnande medisinar. Undersøkinga viste normale kransårer.

Dagen etter undersøkinga kontakta kvinna sjukehuset fordi ho hadde fått hevelse og smerter rundt innstikkstaden på armen og ned i handa. Ultralydundersøkingar av åra på armen viste at det var oppstått ei utposing, slik at det var kome blod utanfor åra. Dette førte til avstengd blodstraum til handa og trykk på nerver i området. Kvinna blei difor operert. Blodåra blei reparert og blodopphopinga fjerna.

Hevelsen gjekk ned etter kvart, men ho hadde vedvarande smerter i armen og handa.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i hjartesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at angiografiundersøkinga ikkje var gjort etter god medisinsk praksis. Kvinna gjekk på blodfortynnande medisinar. Den vanlege medisinen hennar skulle vore teken bort eitt døgn før undersøkinga for å minke risikoen for blødingar.

Denne rutinen blei ikkje følgd, og i tillegg gav ein henne ein annan type blodfortynnande medisin. Det er praksis at ein gir dette middelet om det viser seg at ein må opne tette blodårar under undersøkinga. Det var ikkje tilfellet her.

Kvinna fekk mest sannsynleg blødinga på grunn av svikt i desse rutinane, slik at ho fekk for mykje blodfortynnande. Blødinga gav varig skade i armen og handa.

Kvinna har rett til erstatning.