Diabetes – nyresvikt – medhald

Ein mann søkte erstatning for at han utvikla kronisk nyresvikt på grunn av manglande oppfølging av diabetes og nyrefunksjon. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 26. september 2018

Mannen hadde fått påvist diabetes. Undersøking av augo viste at han hadde forandringar på netthinnene valda av diabetes. Dette tydde på at han hadde gått med uoppdaga diabetes ei tid. Over fleire år blei han med ujamne mellomrom følgd opp hos fastlegen og augelege med kontroll av augo og medisinering mot høgt blodtrykk. Nokre gonger blei det òg teke blodprøver med kontroll av kreatininverdien. Relativt tidleg i forløpet blei kreatinin målt høgna. Verdien steig utover dei neste to – tre åra, utan at mannen blei tilvist vidare til spesialist for kontroll av nyrefunksjonen.

Ein tiårs periode etter at diabetes blei diagnostisert, blei mannen akutt innlagd på sjukehus med livstruande nyresvikt. Då hadde ikkje nyrefunksjonen vore målt dei siste fire åra, sjølv om kreatininkonsentrasjonen i blodet blei målt høgna og stadig stigande i åra før. Mannen fekk dialysebehandling tre gonger i veka. Dette pågjekk over fleire år, inntil mannen fekk transplantert ny nyre.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i indremedisin vurderte saka.

Vi meinte at mannen sin diabetes og nyrefunksjon ikkje blei følg opp i tråd med god medisinsk praksis. Etter retningslinjene skal pasientar med stigande kreatininverdi tilvisast til nyrelege når nyresvikten er moderat. Det vil seie at mannen skulle vore tilvist til spesialist for vidare utgreiing og behandling på tidspunktet då blodprøvane viste at kreatininverdien byrja å auke. Det vil seie rundt sju år før han blei innlagd på sjukehus med akutt nyresvikt.

Hadde han blitt tilvist til nyrelege på rett tidspunkt, ville han med ein gong fått nøye behandling og oppfølging for høgt blodtrykk. Med rett behandling var det sannsynleg at han ville unngått nyresvikten og dialysebehandlinga.

Mannen har rett til erstatning.