Lågt stoffskifte - diagnose - medhald

Ei kvinne søkte erstatning som følgje av manglande diagnose av lågt stoffskifte (hypotyreose) over fleire år. Ho meinte at ho har fått varige mein, med mellom anna utvikling av depressiv liding og personlegdomsforstyrring med angst. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 3. september 2020

Kvinna hadde i fleire år blitt følgd opp av fastlegen på grunn av svimring, søvnløyse og ryggplager. Ho blei òg tilvist til behandling i psykiatrien. Ho blei sjukmeld og fall etter kvart ut av arbeid. Fastlegen følgde opp med blodprøvar. Det blei mellom anna teke prøvar som tidleg viste at kvinna hadde avvikande verdiar, og som kunne tolkast som byrjande lågt stoffskifte. Fastlegen tok nye blodprøvar kvart år, utan at han følgde opp prøvesvara.

Etter fire-fem år byrja kvinna å få invalidiserande symptom. Ho var trøytt og sliten, mista hår, svima av og hadde smerter i heile kroppen. Ho var deprimert og trengde psykiatrisk behandling for dette. Fyrst då ho blei lagd inn på sjukehus blei rett diagnose stilt. Ho hadde då svært lågt stoffskifte og alvorleg jernmangel.

Trass i rett behandling med Levaxin (tyroksinsubstitutt) mot lågt stoffskifte har kvinna ikkje blitt frisk. Ho har framleis psykiske og fysiske utmaningar. Dei er vurderte som varige, og skuldast mange år med ubehandla hypotyreose. 

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i endokrinologi (læra om hormonsjukdomar) vurderte saka.

Vi meinte at den behandlinga og oppfølginga kvinna fekk hjå fastlegen ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Ho skulle hatt aktiv oppfølging for stoffskiftet frå fyrste gongen det blei registrert avvik i verdiane for skjoldbruskkjertelen som produserer tyroksin. Kvinna hadde symptom på behandlingstrengjande lågt stoffskifte i alle fall tre år før diagnosen blei stilt og ho fekk behandling. Hadde ho fått behandling med Levaxin til rett tid, meinte vi det var sannsynleg at ho ville blitt frisk. Ho ville då ikkje hatt dei varige plagene med depresjonar og personlegdomsforstyrring.

Kvinna har rett til erstatning.