Lågt stoffskifte – diagnose – avslag

Ein mann søkte erstatning då han meinte at han fekk varige plager med vedvarande symptom på for lågt stoffskifte (hypotyreose), sjølv etter at han starta behandling. Han meinte dette skuldast for sein diagnose. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 3. september 2020

Mannen hadde gjennom fleire år gått til fastlegen med høgt blodtrykk, øyresus (tinnitus) og generelt lite energi. Gjennom åra blei det jamleg teke blodprøvar, mellom anna stoffskifteprøvar (blodprøvar for å måle hormonproduksjonen i skjoldbruskkjertelen). Verdiane låg innanfor normalområdet, og ein fann liten grunn til å starte behandling med medikament.

Mannen hadde heile tida plager som kunne vere symptom på lågt stoffskifte, men dette kunne òg skuldast dei andre lidingane hans. Etter tre-fire år med oppfølging endra stoffskifteverdiane seg og blei sterkt avvikande. Han fekk då diagnosen hypotyreose, og han blei etter det medisinert med Levaxin (tyroksin).

Etter det blei han noko betre, men har aldri blitt heilt kvitt symptoma og plagene sine.

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin vurderte saka.

Vi meinte at diagnosen og behandlinga av hypotyreose ikkje blei stilt for seint. Dei stoffskifteprøvane som ble tekne i løpet av dei fyrste åra mannen blei følgd opp for andre helseplager, var innanfor normalområdet. Difor var det ikkje grunnlag for å følgje spesielt opp desse prøvane før verdiane avveik frå det normale.

Mannen fekk då rett behandling for lågt stoffskifte med det same. Vi konkluderte med at dei plagene han framleis hadde, ikkje skuldast lågt stoffskifte og behandlinga av det.

Mannen har ikkje rett til erstatning.