Føflekkreft - diagnose - medhald

Ei kvinne fekk fjerna ein føflekk ved skuldra. Føflekken blei diagnostisert som godarta. Etter ny framvekst og fjerning eitt år seinare, viste det seg at det var kreft i føflekken allereie då han blei fjerna fyrste gongen. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. mai 2019

Kvinna fekk fjerna ein liten, svart føflekk øvst på overarmen hjå fastlegen. Preparatet blei sendt til histologisk undersøking og diagnostisert som godarta føflekk. Eitt år seinare kom ho tilbake med lokalt tilbakefall, med fleire pigmenterte utvekstar rundt arret etter føflekken. Ho blei tilvist til sjukehus. Her mistenkte ein at ho hadde føflekkreft (malignt melanom). Utvekstane blei fjerna og histologisk undersøking stadfesta diagnosen.

Kvinna måtte opererast på nytt og ein måtte då fjerne ein stor del av hudområdet rundt føflekken for å sikre at alt kreftvev blei teke ut. I samband med den nye operasjonen måtte ho få gjort ei spesialundersøking (sentinel node-prosedyre) for å sjå om det var spreiing til lymfeknutane i armhola. Det blei avkrefta.

Føflekkpreparatet som blei fjerna eitt år før, blei undersøkt på nytt. Ein fann ut at kreften òg var til stades då. Rett diagnose blei difor stilt eitt år forseinka.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i kreftsjukdomar vurderte saka.

Vi vurderte at diagnostiseringa av det fyrste preparatet ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Dette medførte ein forseinka rett diagnose på rundt eitt år.

Forseinkinga medførte at føflekkreften kom tilbake lokalt. På grunn av dette måtte kvinna gjennomgå nye operasjonar for å sikre at alle kreftceller var fjerna. For å vurdere om kreften hadde spreidd seg til lymfeknutar, måtte ho òg gjennom ein sentinel node-prosedyre.

I tillegg blei kvinna påført ei psykisk påkjenning ved at prognosen for overleving blei forverra gjennom forseinkinga.

Kvinna har rett til erstatning.