Livmorhalskreft - diagnose - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for forseinka diagnose av livmorhalskreft. Dette førte til at ho måtte fjerne livmora og at ho då ikkje kunne få barn. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. desember 2018

Kvinna fekk teke rutinemessige celleprøvar av livmorhalsen hjå gynekologen. Desse viste teikn til celleforandringar og det blei tilrådd vidare utgreiing med vevsprøvar.

Vevsprøvane som blei tekne viste òg celleforandringar. Delar av livmorhalsen blei difor fjerna (konisering). Ei undersøking av det vevet som blei fjerna, viste grove celleforandringar. Kvinna blei tilrådd oppfølging hjå gynekologen, med celleprøvar kvart halvår.

Nye celleprøvar eitt år etter viste framleis forandringar. Etter vidare utgreiing kom ein fire månader seinare til at kvinna hadde utvikla livmorhalskreft. Ein gjekk då tilbake og granska vevsprøvane tekne nesten to år tidlegare. Ein fann då òg kreftceller i dette prøvematerialet, utan at dette var oppdaga.

Kvinna måtte då gjennomgå ein kikholsoperasjon, der livmora, livmorhalsen og lymfeknutar i bekkenet måtte fjernast. Ho mista med det evna til å få eigne barn.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i onkologi (kreftsjukdomar) vurderte saka.

Vi meinte at rett diagnose burde og kunne vore stilt ved gransking av prøvane nesten to år tidlegare enn tilfellet var.  På det tidspunktet kunne ein vurdert å gjere eit mindre inngrep på livmorhalsen. Ein kunne då ha bevart livmora, slik at kvinna framleis kunne fått eigne barn. Dette var ikkje lenger mogleg, slik kreftutbreiinga var på behandlingstidspunktet.

Kvinna har rett til erstatning.