Lungekreft – diagnose – avslag

Ei kvinne søkte erstatning for forseinka diagnose av lungekreft. Ho meinte at ei fortetting som blei funne i den eine lunga fekk utvikle seg til kreft, på grunn av manglande tilvising og oppfølging hos fastlegen. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 28. januar 2019

Kvinna kom til fastlegen fordi ho sleit med tung pust og hoste. Røntgen av lungene viste normale forhold. Eit halvt år seinare tilviste fastlegen kvinna til CT-undersøking. Ein fann då ei rund fortetting i den eine lunga. Funnet blei følgt opp nokre månader etter. Undersøkinga viste då inga endring.

Ei tid etter kom kvinna tilbake til fastlegen med smerter i skuldrene og brystet, og ho blei på nytt undersøkt på sjukehus, utan at ein fann noko gale. Ei CT-undersøking eitt år seinare viste at den runde fortettinga i lunga hadde vakse.

Ytterlegare eitt år hadde gått då kvinna kom til konsultasjon hos fastlegen med smerter i ryggen og skuldra, og med tung pust. Ho blei tilvist til regionsjukehuset for nærare undersøking. Her fann legane at ho hadde vatn rundt hjartet, og dei mistenkte lungekreft. Ei spesialundersøking (PET-CT) avdekka at kvinna hadde lungekreft med spreiing til lymfeknutar.

Ho fekk behandling med cellegift og immunterapi.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin vurderte saka.

Vi meinte at den behandlinga og oppfølginga kvinna fekk hos fastlegen, var i tråd med god medisinsk praksis. Legen sørgde for at kvinna blei tilvist til undersøkingar og kontrollar hos spesialistar for dei plagene ho kom med. Han følgde òg opp med nye tilvisingar baserte på dei funna som blei gjort.

Vi konkluderte med at kvinna ikkje var påført ein pasientskade som følgje av svikt ved behandlinga.

Ho har difor ikkje rett til erstatning.