Prostatakreft - behandling - avslag

Ein mann søkte om erstatning fordi han fekk urinlekkasje og nedsett ereksjon etter operasjon for prostatakreft. Dette gjekk ut over livskvaliteten hans. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 13. november 2017

Fastlegen viste mannen til undersøking på det lokale sjukehuset på grunn av vasslatingsproblem og auka PSA. Det blei teke ein vevsprøve frå prostataen til mannen, og prøven viste at han hadde prostatakreft utan spreiing til omkringliggjande vev eller skjelettet.

På grunn av at PSA hadde høg verdi, kunne ein ikkje vente og observere kreftutviklinga. Difor blei mannen operert og prostata fjerna. Han trong ikkje tilleggsbehandling. Etter operasjonen hadde han fått urinlekkasje, og manglande ereksjon. Båe delar blei behandla med medikament, og lekkasjen betra seg etter kvart. Seksualfunksjonen kom ikkje tilbake.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i urologi vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom operasjonen og urinlekkasjen. Mannen hadde nedsett ereksjon frå før på grunn av dårleg sirkulasjon i blodårar i bekkenet. Seksualfunksjonen blei likevel ytterlegare svekt på grunn av operasjonen.

Det var godt grunnlag for å gjere inngrepet, og operasjonen blei gjort i tråd med god medisinsk praksis. Både urinlekkasje og manglande ereksjon er kjende komplikasjonar, som oppstår i samband med at prostata blir fjerna.

På førehand hadde mannen fått informasjon om at slike komplikasjonar kan oppstå.

Mannen har ikkje rett til erstatning.