Tjukktarmskreft - forseinka diagnose - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for forseinka diagnose av tjukktarmskreft. Ho meinte at kreften fekk spreie seg, medan ho blei behandla for noko anna. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. oktober 2018

Kvinna oppsøkte legekontoret fyrste gongen med nokre dagars nedsett allmenntilstand. Ho var sliten, slapp, kvalm og hadde dårleg matlyst. Det blei teke blodprøvar og blodtrykket viste seg å vere for høgt. Dette fekk ho behandling for.

Neste gong kvinna kom til kontroll nemnde ho at ho var plaga med hemoroidar og fekk blod på papiret når ho tørka seg. Legen undersøkte henne utan å finne noko gale. Det blei òg gjort testar som ikkje viste blod i avføring. Ho blei tilvist til gynekolog.

To månader seinare kom kvinna attende fordi ho sleit med forstopping og var elles sliten, kvalm og gjekk ned i vekt. Ho fekk behandling for depresjon. Allmenntilstanden betra seg etter dette.

Fyrst fire månader etter tilvisinga, fekk kvinna time hos gynekologen. Undersøkinga der avdekte at ho hadde ei tumorliknande forandring i tarmen. Han tilviste henne til CT av bekkenet. Mistanken om tumor i tjukktarmen blei seinare stadfesta med koloskopiundersøking og biopsiar. Kreften hadde spreidd seg til levra.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin vurderte saka.

Vi meinte at diagnostiseringa og behandlinga hos fastlegen var i tråd med god medisinsk praksis. Kvinna var til jamlege kontrollar, men mage- og tarmproblema var ikkje eit sentralt tema hos legen. Det var rimeleg å tru at dette hadde med hemoroidar å gjere.

Legen kunne likevel undersøkt nedre delar av magen då andre prøvar blei tekne, men mest sannsynleg ville ikkje kreften blitt oppdaga ved det.

Vi vurderte at kvinna blei korrekt behandla for depresjon, som betra allmenntilstanden hennar. Vekttap er òg vanleg ved depresjon. Mageproblema var heller ikkje tema i denne perioden. Med dei plagene kvinna hadde, var det rett å tilvise til gynekolog, der tumor i tarmen blei mistenkt fyrste gongen.

Vi meinte at det ikkje hadde vore mogleg å diagnostisere tarmkreften tidlegare, og rett diagnose blei då ikkje stilt forseinka.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.