Blodfortynnande medisinering - avslag

Ein mann søkte erstatning etter at han fekk hjerneinfarkt. Han meinte det kunne vore unngått om han hadde fått behandling med blodfortynnande middel etter at han hadde fått atrieflimmer nokre månader før. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 18. januar 2018

Mannen blei lagd inn på sjukehus etter akutt hovudverk, svimring, kvalme og rask hjarterytme (atrieflimmer). EKG-undersøking viste at han hadde atrieflimmer som gjekk over av seg sjølv etter at han blei medisinert med frekvensnedsetjande medisinar (betablokker). Legane vurderte oppstart av forebyggjande blodfortynnande medisinering (Klexane). Ettersom tilstanden gjekk over av seg sjølv, meinte dei at det ikkje var rett å starte med dette.

Nokre månader seinare fekk mannen akutt hjerneinfarkt (slag). Ein gjekk ut frå at årsaka var at det danna seg blodproppar på grunn av hjarteflimmer. Han fekk etter dette varige plager.

Mannen hadde hatt kjent atrieflimmer i mange år og var i periodar behandla med Marevan.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i hjartesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at mannen fekk behandling i tråd med god medisinsk praksis då han blei lagd inn på sjukehus med atrieflimmer. Han gjennomgjekk grundige undersøkingar og blei behandla med betablokker. Etter det gjekk anfallet over.

Det var rett å ikkje setje i gang vidare behandling med blodfortynnande middel etter at anfallet var over. Legane gjorde ei vurdering av den risikoen mannen hadde for mellom anna hjernebløding, om han blei sett på blodfortynnande. Han hadde ingen av risikofaktorane ein vurderer i den samanhengen.

Menneske med atrieflimmer har ein auka risiko for å få hjerneinfarkt på grunn av blodproppar frå hjartet. I dette tilfellet vurderte ein at risikoen for hjernebløding på grunn av blodfortynnande behandling var større enn risikoen for hjerneslag på grunn av blodproppar i hjartet.

Mannen har ikkje rett til erstatning.