Blodfortynnande medisinering - medhald

Ein mann blei lagd inn på sjukehus med brot i lårhalsen og hofta ute av ledd etter ei trafikkulukke. Han blei liggjande nokre dagar og fekk blodpropp i ei lunge. Han søkte erstatning, då han meinte at han skulle hatt blodfortynnande medisinar. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 17. januar 2018

Då mannen kom inn på sjukehuset, viste røntgenundersøkingane at han hadde brot i lårbeinskula og hofta ute av ledd. Kirurgane klarte å setje hofta på plass att og brotet var i god stilling. Kirurgane vurderte at det ikkje var nødvendig å operere, og mannen fekk heller ikkje førebyggjande blodpropphindrande middel (Klexane).

Deretter blei mannen liggjande i senga i fire dagar. Han fekk då symptom på at han hadde blodpropp i ei lunge. Dette blei stadfesta med CT av lungearteriane. Det blei starta medisinering med det blodfortynnande middelet Xarelto.

Mannen sto på dette middelet i tre – fire månader. Seinare undersøkingar av hjartet har vist at han ikkje fekk noko varig fysisk mein etter lungeblodproppen.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi og ein sakkunnig spesialist i indremedisin vurderte saka.

Vi meinte at sjølve brotbehandlinga blei gjort etter god medisinsk praksis. Det var heilt rett å prøve med lukka behandling (ikkje operasjon) av skaden i hofta. Ein slik skade som mannen hadde, kravde at han låg til sengs i fleire dagar.

Vi vurderte at om mannen hadde fått Klexane som førebyggjande blodpropphindrande middel, ville han unngått denne komplikasjonen. Sjølv om han ikkje hadde gjennomgått ein open operasjon, var det vanleg rutine at blodpropphindrande middel blei gitt når pasienten ikkje kunne bevegast. At ein lét vere å gi Klexane var difor ikkje etter god medisinsk praksis.

Mannen har rett til erstatning.