Handleddsbrot - skeivstilling - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for nedsett rørsle og smerter etter eit handleddsbrot som grodde skeivt saman. Ho meinte at brotet skulle vore operert tidlegare. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 8. mai 2020

Kvinna sklei på isen og tok seg føre med venstre hand. Dette resulterte i eit brot i handleddet med ei lita feilstilling. På grunn av feilstillinga og at brotet var ustabilt, vurderte legane på sjukehuset operasjon. Ein klarte å setje brotet saman i god stilling, og ein valde då berre å gipse. Ved kontroll etter 14 dagar hadde brotet glidd og det var oppstått ei større feilstilling. Det var difor nødvendig å operere med plate og skruer. Dette blei gjort tre veker etter at brotet oppstod.

Etter dette hadde kvinna smerter og nedsett rørsle i handleddet og fingrane. Brotet hadde òg grodd med noko forkorta spolebein. Ho fekk hjelp av ergoterapeut til opptrening i handa og handleddet, slik at ho fekk noko meir rørsle tilbake. Kvinna hadde framleis noko nedsett rørsle etter opptreninga. Plata som var sett inn hemma henne og det blei avgjort at ho måtte takast ut.

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det ikkje var i tråd med retningslinjene for behandling av brot med feilstilling når kvinna ikkje blei operert med ein gong. Av journalnotatet frå behandlande lege gjekk det fram at brotet skulle vore behandla med operasjon, men ein oppnådde god stilling i brotet, og ein valde då å berre gipse. Vi meinte at sjølv om ein oppnådde god stilling vil ikkje det seie at ein kan fråvike dei tilrådde retningslinjene.

Hadde kvinna vore operert med ein gong, kunne ein oppnådd ei betre stilling i brotet. Dei varige plagene hennar ville då vore mindre. Etter tre veker var brotet nesten grodd. Brotet blei stabilt, men ein fekk ikkje retta opp feilstillinga i vesentleg grad.

Kvinna har etter dette rett til erstatning.