Handleddsbrot- nerveskade - avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter behandling for eit handleddsbrot. Ho fekk ein varig nerveskade, som ho meinte var komen til etter operasjon. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 8. mai 2020

Kvinna fall og pådrog seg brot i handleddet på høgre side. Ho blei operert og ho fekk sett på gips. Ei vekes tid etter var ho på kontroll. Ho hadde då hatt aukande smerter nedover heile underarmen, og ho var nomen i fingrane. Behandlande lege mistenkte at ein hadde vore borti ein nerve (underarmsnerven) i tilknyting til det operative inngrepet. Ved ny kontroll hadde smertene blitt verre og ho hadde redusert kraft i tre av fingrane. Ein konkluderte med at underarmsnerven var skadd. 

Kvinna blei operert på nytt, men dette hjelpte ikkje nemneverdig på symptoma frå nerven. Ho hadde framleis smerter og nedsett funksjon i fingrane.

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at den behandlinga kvinna fekk var i tråd med god medisinsk praksis. Inngrepet skjedde ein annan stad i handleddet enn der denne nerven går. Det var difor ikkje mogleg at ein hadde vore borti nerven under operasjonen i handleddet.

Vi konkluderte med at skaden på underarmsnerven skuldast sjølve skademekanismen då kvinna braut handleddet. Det er ikkje uvanleg at brot av denne typen (brot nedst i spolebeinet) skadar nervar i området.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.