Knekirurgi - krossband - medhald

Ei kvinne søkte erstatning etter operasjon for krossbandskade. Ho meinte at ein av fleire operasjonar blei feil utført. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. juni 2019

Kvinna kom inn på sjukehuset etter å ha fått ei vriding i det eine kneet under fotballspel. MR- undersøking viste at det fremre krossbandet i kneet var heilt avrive. Ein månads tid seinare blei ho operert med kikholskirurgi. Krossbandet blei fjerna og det blei gjort førebuingar til seinare rekonstruksjon av krossbandet. Kvinna fekk på ei skinne for å avlaste kneet. Ho fekk fysikalsk behandling og trente musklane rundt kneet.

To månader før operasjonen der krossbandet blei rekonstruert, viste undersøkingane at kneet var stabilt og fungerte bra. Ho kunne strekkje og bøye fullt. Ho fekk beskjed om å halde fram å trene.

Etter operasjonen med rekonstruksjon av krossbandet fekk kvinna ei spesialskinne der ho kunne bøye kneet. Denne skinna blei stilt inn feil, slik at kneet blei låst. Ho måtte difor ha eit intensivt treningsprogram for å få bøyeevna tilbake.

På grunn av plager frå kneet, måtte ho gjennom to operasjonar til, utan at det førte til at kneet blei heilt bra.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det ikkje var grunnlag for dei to fyrste operasjonane. Når krossbandet blir konstatert avrive, er det retningslinjer for minst tre månader energisk trening leia av fysioterapeut. Det var ikkje god medisinsk praksis å operere med sikte på å rekonstruere krossbandet utan at ein kjende til det endelege resultatet av treninga. Vi mente at det ville vært gode muligheter for at tilstanden ville blitt betydelig bedre uten disse tidlige inngrepene, som også ødela for et godt treningsresultat.

Kvinnen har etter dette rett til erstatning.