Knekirurgi - menisk - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for vedvarande smerter, oppriven menisk og væskeopphoping i kneet etter ein meniskoperasjon. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. juni 2019

Kvinna var plaga med smerter i knea. Ei MR-undersøking viste at det var eit brot tvers over kroppen og det bakre hornet av menisken på innsida (mediale menisk) av det eine kneet.

Kvinna blei operert og menisken og delar av leddhinna blei fjerna. Det blei òg funne at ho hadde ei irritert slimhinne (synovitt) i kneet, sannsynlegvis på grunn av meniskskaden. Dette kunne forklare delar av smertene.

Etter nokre dagar kom ho tilbake med smerter og opphovning i kneet. Ein fann ikkje haldepunkt for infeksjon, men legane mistenkte at det var vatn i kneet og ein Bakers cyste (vasscyste) etter operasjonen. Ei ny MR-undersøking gav mistanke om at det framleis var ei lita rift i det bakre hornet.

Det blei ikkje gjort nokon fleire tiltak på sjukehuset. Kvinna blei tilvist til oppfølging hjå fastlegen.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at dei plagene kvinna framleis hadde, skuldast tilstanden i kneet i seg sjølv og ikkje behandlinga ho fekk. Ho blei behandla og følgd opp etter operasjonen etter god medisinsk praksis.

Det var ikkje grunnlag for å operere restskaden på menisken, fordi det lettare dannar seg slitasjegikt i leddet når heile menisken er fjerna. Det var heller ikkje grunnlag for å fjerne vasscysten bak kneet fordi han berre ville kome tilbake så lenge det var vatn i leddet.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.