Kneprotese - avslag

Ein mann søkte erstatning etter at han fekk sett inn ein kneprotese. Han meinte at protesen var sett inn feil, og at på grunn av det, svikta kneet når han gjekk. I tillegg hadde han smerter og var stiv i kneet. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2018

Mannen hadde tiltakande smerter i det eine kneleddet. Røntgenundersøking viste slitasjegikt (artrose). Kirurgane fann difor at det var grunnlag for å setje inn ein kneprotese.

På grunn av at han var stiv i leddet, fekk mannen tilpassa ei skinne og fysikalsk behandling. Etter kvart kom det til smerter, opphovning og nedsett rørsle. Mannen hadde òg ei kjensle av at kneet svikta når han gjekk, og undersøking viste at det var ein viss overstrekk av kneleddet. Røntgenbilde viste at protesekomponenten i leggen halla nokre grader bakover. Kirurgane meinte at dette kunne vere grunnen til svikten, men fann likevel ikkje grunnlag for ein ny operasjon.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var godt grunnlag for å setje inn protese i kneleddet til mannen og at operasjonen blei gjort etter god medisinsk praksis.

Røntgen viste at protesedelane sto i god stilling. At det var ei lita halling i den eine protesedelen, meinte vi ikkje var ein svikt i behandlinga og det var heller ikkje årsaka til dei plagene mannen hadde. Smerter, nedsett rørsle og overstrekk er kjende komplikasjonar til kneprotesekirurgi, sjølv om proteseoperasjonen er gjort på rett måte.

Mannen har ikkje rett til erstatning.