Kneprotese - medhald

Ein mann søkte erstatning etter at han fekk sett inn ein protese i kneet. Han hadde framleis smerter og dårleg gangfunksjon. Det viste seg at protesen var sett inn med ei skeivstilling. Han ble difor operert på nytt. Vi vurderte saka, og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2018

Mannen hadde slitasjegikt (artrose) i båe knea. Han fekk sett inn protese på den eine sida. Med det same fungerte protesen bra, men etter kvart fekk mannen smerter, nedsett rørsle og ustabilitet i kneet.

Før operasjonen var kneet rotert innover. Protesen blei sett inn med den same skeivstillinga. På grunn av nedsett rørsle i kneleddet, blei mannen operert ein gong til med artroskopi. Arrdanningar blei fjerna og kneet blei strekt ut. Dette hadde berre forbigåande effekt.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det er ein kjend komplikasjon ved kneprotesekirurgi at det blir nedsett rørslet i kneet. I dette tilfellet vurderte vi at operasjonen ikkje var utført på ein teknisk rett måte. Kneprotesen var sett inn med ei feilstilling, og mest sannsynleg rotasjonsfeilstilling mellom protesekomponentane. Balansen mellom blautdelane blei ikkje gjort rett, og det meinte vi var grunnen til ustabiliteten og nedsett rørsle i kneet.

Mannen har difor rett til erstatning.