Ryggkirurgi – prolapsoperasjon – avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter at ho var operert for prolaps mellom dei same virvlane i ryggen fleire gonger, utan at ho blei noko betre. Ho meinte at prolapsane ikkje blei skikkeleg fjerna. Til slutt måtte virvlane avstivast. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2018

Kvinna fekk påvist ein stor prolaps nedst i lenderyggen (mellom virvel L4 og L5). Nevrokirurgen fann at det var grunnlag for å operere henne med mikrokirurgi for å fjerne prolapsen. Berre nokre veker seinare fekk ho nye smerter og ny undersøking med MR viste at prolapsen var komen tilbake. Ho blei operert på nytt, men prolapsen kom tilbake enno ein gong.

Sidan kvinna heller ikkje blei smertefri etter den siste operasjonen, fann ein at det var nødvendig å avstive ryggen med å setje inn eit implantat i skiverommet mellom desse to virvlane. Dette lindra ryggsmertene.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i nevrokirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var grunnlag for å gjere alle dei tre operasjonane for å fjerne prolapsane. Kvinna hadde store smerter kvar gong prolapsane kom tilbake. Alle operasjonane blei gjort etter god medisinsk praksis. Det var ikkje slik at prolapsen ikkje blei fjerna tilstrekkeleg ved inngrepa. I ti prosent av tilfella kjem det tilbakefall etter den fyrste operasjonen.

Sidan operasjon av tilbakefallsprolaps ikkje alltid er vellukka, er det vanleg å avstive mellom virvlane slik ein gjorde til slutt  i dette tilfellet.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.