Ryggkirurgi – prolapsoperasjon – medhald

Ein mann fekk varig lamming i ankelen (droppfot) etter at han fekk prolaps i ryggen. Han meinte han blei operert for seint og søkte om erstatning. Vi vurderte saka, og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 13. desember 2017

Mannen hadde hatt plager frå krossryggen i mange år, og var òg operert for prolaps tidlegare. Etter ei tid blei smertene verre, med stråling nedover i det eine beinet og noko nedsett kraft i ankelen. Han oppsøkte fastlegen som viste han til MR-undersøking. Der fann legane ein stor prolaps mellom to virvlar i lenderyggen (L4/L5). Dei meinte at det var nødvendig å operere for å fjerne prolapsen som trykte på nerverota til nerven som forsyner leggen og foten.

Operasjonen blei fastlagd til ei veke etter MR-undersøkinga. I mellomtida blei lamminga nedover i foten verre, og mannen kunne ikkje løfte opp foten i ankelleddet. Då han blei operert for prolaps som avtalt tre dagar seinare, hadde han fått droppfot, dvs. han kunne ikkje trekkje foten opp frå underlaget ved å bruke ankelleddet.

Årsaka til dette var at nerverota som går gjennom virvelen der prolapsen var komen ut, var blitt inneklemd for lenge og skada. Nerveskaden og droppfoten blei varig.

Vurderinga vår
Ein spesialist i nevrokirurgi vurderte saka.

Vi meinte at kirurgane ikkje i tilstrekkeleg grad var merksame på at kraftsvikten og lamminga nede i foten blei endå verre nokre døger før den planlagde operasjonen. Dette var ikkje i tråd med god medisinsk praksis.

Med god nok oppfølging, ville kirurgane forstått at tilstanden hadde blitt verre. Operasjonen ville då mest sannsynleg blitt framskunda for å hindre ytterlegare skade på nerven. Hadde operasjonen skjedd då tilstanden blei verre, meinte vi at mannen ville unngått komplett lamming av ankelleddet og tærne på foten.

Mannen har rett til erstatning.