Skeiv stortå (hallux valgus) – operasjon - medhald

Ei kvinne blei operert for skeiv stortå. Operasjonen var ikkje vellukka og ho måtte opererast fleire gonger. Resultatet blei dårleg, og ho søkte om erstatning fordi ho fekk vedvarande smerter og fall ut av arbeidslivet. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2018

Ei kvinne hadde store feilstillingar med sprikefot og sterkt utoverpeikande stortå på båe føtene. Dette gav henne smerter og vanskar med å få på seg sko. Kirurgen som undersøkte henne meinte at det var grunnlag for å behandle tilstanden på båe sider, og opererte den venstre foten fyrst.

Kirurgen valde Chevronmetoden, som er ein av dei mest vanlege metodane (sjå faktaboksen).

Operasjonen var ikkje vellukka. Kirurgene på sjukehuset opplyste at feilstillinga berre blei korrigert heilt marginalt. Vidare uttalte dei at den metoden dei valde i dette tilfellet er meir egna for å rette opp mindre feilstillingar. Kvinna hadde framleis store plager og blei vist til ny vurdering ved eit sjukehus med høgare kompetanse. Der valde dei å stive av stortåa. Heller ikkje dette hjelpte nemnande på plagene til kvinna, og ho måtte ha ein avstivingsoperasjon til.

I skademeldinga opplyste kvinna at stortåa framleis peikte rett opp, at ho hadde store smerter og vanskar med å få på seg sko.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at operasjonsmetoden som blei brukt ikkje var rett i dette tilfellet. Feilstillingane i foten var for store til å bli korrigert med denne metoden. I alle fall burde vinkelen i mellomfotsbeinet vore korrigert samtidig. Plagene som kvinna fekk kunne då vore mindre, og ho kunne sloppe fleire operasjonar. Behandlinga var ikkje i tråd med god medisinsk praksis.

Kvinna har rett til erstatning.