Biholebetennelse - avslag

Ein mann søkte om erstatning då han meinte at han blei forseinka behandla for tette biholer. Han meinte at problema med biholene var årsaka til at han i lengre tid hadde hatt sterk hovudverk. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. mars 2018

Mannen hadde i ei tid hatt sterk hovudverk i tinningane, og tok kontakt med fastlegen. Fastlegen viste han vidare til undersøking hos øyre-nase-halsspesialist. Mannen hadde òg i lengre tid vore plaga med at nasen og biholene var tette. Legen mistenkte at det kunne vere kronisk biholebetennelse.

MR-bilder tekne av hovudet viste ingenting gale i tinningane. Ei CT-undersøking avdekka likevel at biholene mellom augo var tette. Sidan det vanlegvis ikkje er nokon samanheng mellom tette biholer og den typen hovudverk mannen hadde, meinte spesialisten at det var lite sannsynleg at dei tette biholene var årsaka til hovudverken. Han ynskte difor å sjå tilstanden litt an.

Etter nokre månader hadde tettleiken i biholene blitt verre. Det blei tatt ein ny MR som òg blei vurdert av ein nevrolog. Spesialistane helte då likevel i retning av at det kunne vere ein samanheng. Mannen blei difor operert for kronisk biholebetennelse, med opning av det tette området. Etter dette blei smertene i hovudet borte.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig øyre-nase-halsspesialist vurderte saka.

Vi meinte at utgreiinga og behandlinga ved sjukehuset var i tråd med god medisinsk praksis. Ved utgreiing av smerteplagene frå hovudet, fann spesialistane ei fortetting i biholene mellom augo. Dette er eit vanleg og tilfeldig funn, og ein kunne ikkje knyte det opp mot den typen smerteplager mannen hadde. Sidan funnet var tilfeldig, var det rett å vente for å sjå om tilstanden betra seg.

Då mannen nokre månader seinare framleis hadde biholebetennelse og smerter, var det rett å operere. Sidan det ikkje var grunnlag for tidlegare operasjon, var ikkje behandlinga forseinka.

Mannen har ikkje rett til erstatning.