Biholebetennelse - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for tap ho hadde hatt etter ein operasjon i biholene, der ein bomullstampong blei attgløymd etter operasjonen. Vi meinte at det var feil at tampongen ikke blei fjerna, og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 5. oktober 2017

Kvinna hadde  vore plaga med tett nase, mykje press i hovudet og smerter i kjevebiholene i fleire år. Gong på gong hadde ho hadde òg betennelse biholene. Legane prøvde fyrst å behandle tilstanden med kortisonspray, men etter kvart fann dei at det var grunnlag for å operere henne, då ho ikkje blei betre.

Etter operasjonen var kvinna framleis tett i nasen og ho kjende ei ròten lukt. Ved kontroll med endoskop ein månads tid etter operasjonen, fann legen som undersøkte henne at det låg att ein bomullstampong bakarst i den eine bihola. Han tetta for avløp frå nasen ned mot svelget. Tampongen blei fjerna med tong. Etter det var nasen open, og operasjonen viste seg å vere vellukka.

Vurderinga vår
Saka blei ikkje vurdert av sakkunnig spesialist.

Med bakgrunn i opplysningane frå kvinna og uttalen frå behandlingsstaden meinte vi at det ikkje var nødvendig å utgreie saka ytterlegare.

Det er vanleg å leggje inn ein bomullstampong bakarst i biholene, for å hindre bløding til halsen under operasjonen. At denne tampongen låg att etter operasjonen kom ifylgje behandlingsstaden av ei mistyding mellom assistenten og legen som opererte.

Med rett gjennomført prosedyre, ville tampongen blitt fjerna. Då ville kvinna unngått ein ekstra antibiotikakur og blitt fortare frisk etter operasjonen.

Behandlinga kvinna fekk var ikkje i tråd med god medisinsk praksis.

Kvinna har difor rett til erstatning.