Fjerning av mandlane - avslag

Ei kvinne søkte om erstatning for vedvarande smerter i halsen etter at ho fekk fjerna mandlane. Ho meinte det var gjort ein feil under operasjonen. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 16. oktober 2017

I fleire år hadde kvinna vore plaga med at ho gong på gong hadde hatt halsbetennelsar. Ho blei tilvist til undersøking på sjukehus, og legane der fann at det var grunnlag for å fjerne mandlane. Nokre dagar etter inngrepet, fekk kvinna bløding frå svelget. Blødinga blei trykkbehandla. Etter dette har hun hatt vedvarande smerter i svelget, meir enn det som er vanleg.

Vurderinga vår
Ein sakkunndig øyre-nase-halsspesialist vurderte saka.

Vi meinte at det var godt grunnlag for å fjerne mandlane på grunn av dei mange tilfella av halsbetennelse kvinna hadde hatt. Operasjonen blei gjort etter god medisinsk praksis. Det er ikkje uvanleg at det blør frå svelget etter desse operasjonane. Det er òg kjent at ein kan ha smerter på båe sider i halsen i ein periode etter operasjonen. Sjølv om dei langvarige plagene denne kvinna hadde ikkje er vanleg, meinte vi likevel at dette er ein del av den risikoen som fylgjer desse inngrepa.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.