Fjerning av mandlane - medhald

Ein mann søkte om erstatning etter at han fekk fjerna mandlane og gjort ein ganeplastikk. Han fekk både puste- og svelgevanskar etter behandlinga, og han meinte at dette kom av feil ved behandlinga. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 16. oktober 2017

Mannen kontakta sjukehuset fordi han snorka og var trøytt om dagen. Han hadde i tillegg ofte halsbetennelsar. Legane meinte at problema kom av at han hadde store mandlar og trongt svelg fordi ganebogen var låg. I eit inngrep blei difor mandlane fjerna, og i tillegg blei det gjort ein ganeplastikk for å gjere plasstilhøva i svelget betre.

Operasjonen var ikkje vellukka, sidan det danna seg store arr i svelget etter ganeplastikken. Dette gjorde at mannen fekk større puste- og svelgeproblem, som mellom anna førte til at lukkefunksjonen til nasen ikkje fungerte, slik at han fikk mat og drikke opp i nasen. I tillegg hadde han hovudverk. For å rette på arra i svelget blei han operert to gonger til i løpet av kort tid, utan at tilstanden blei betre.

Mannen meinte at han ikkje fekk nok informasjon om risikoen for komplikasjonar og om ein kunne valt andre metodar.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig øyre-nase-halsspesialist vurderte saka.

Vi kom til at det var grunnlag for å fjerne mandlane og gjere ganeplastikk i ein operasjon. I ettertid kunne ein sjå at det hadde vore ein fordel å berre fjerne mandlane fyrst, for å sjå om dette var nok til å hjelpe mannen.

Vi meinte òg at mannen hadde fått nok informasjon om inngrepet og risikoen for dei vanlegaste komplikasjonane. Det var òg i tråd med god medisinsk praksis å prøve å rette opp arra i ein ny operasjon.

At ein gjorde enno eit inngrep kort tid etter, var ikkje god medisinsk praksis. Den unødvendige operasjonen gjorde likevel ikkje nokon ytterligare skade. Vi meinte difor i utgangspunktet at mannen ikkje fekk ein skade som kom av av svikt i behandlinga.

Mannen fekk likevel medhald fordi vi meinte at dei store arra gav et relativt stort mein, og var ein skade som både var stor og uventa i forhold til denne typen operasjon.

Mannen har difor rett til erstatning.