Behandling av karies – avslag

Ei kvinne søkte om erstatning då ho hadde fått mangelfull tannbehandling hos tannlegen sin. Ho meinte at dette førte til at ho måtte ha meir omfattande behandling på grunn av hol i tennene (karies) som ikkje var oppdaga. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Kvinna hadde vore til jamlege kontrollar hos tannlegen sin i fleire år. På grunn av store fyllingar og hol, fekk ho sett kroner på fleire tenner. Den eine tanna blei òg rotfylt. Ei av tennene med krone, behandla tannlegen fleire gonger med vanleg fylling fordi det var karies under krona.

Då kvinna bytte tannlege, fann han hol i fleire av jekslane som var behandla med krone frå før. Dels måtte dei innsette kronene bytast, og dels måtte fleire tenner behandlast med nye fyllingar. Ei tann måtte òg rotfyllast, då det var oppstått betennelse i tanna. Kvinna meinte at dersom desse hola var blitt oppdaga før, ville ho sloppe så omfattande behandling i fleire tenner, og ho kunne spart store utgifter.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig allmenntannlege vurderte saka.

Vi meinte at tannbehandlinga og diagnostiseringa over ein tiårs periode var i tråd med god praksis for tannbehandling. Tannlegen fann at kvinna hadde hol i fleire tenner i løpet av denne perioden.

Når det gjaldt dei to tennene der hola ikkje var oppdaga, meinte vi at den tidlegare tannlegen til kvinna ikkje hadde nokon grunn til å stille diagnose, då hola i tennene ikkje var synlege på røntgenbilde i dei to åra før. Hol som oppstår under porselenkroner, kan vere vanskeleg å sjå når dei er i eit tidleg stadium. At det etter nokre år oppstår hol i tennene under kronekantane, er normalt. Det er òg ein vanleg komplikasjon at det blir betennelse i ei tann med krone.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.