Behandling av karies – medhald

Ei kvinne søkte om erstatning då ho meinte at tannlegen hadde oversett at ho hadde hol i to tenner (karies). Ho meinte at dette førte til ei meir omfattande behandling av tennene, enn om diagnosen hadde blitt stilt eitt til to år før. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Kvinna gjekk til behandling hos tannlegen sin. Han tok røntgenbilde og reinsa tennene årleg. Ho bytte tannlege. Den nye tannlegen oppdaga at røntgenbilda som blei tekne eitt og to år før, viste at kvinna hadde hol (karies) i to jekslar i overmunnen, som ikkje var behandla.

Tannlegen prøvde å reparere tennene med å byte ut fyllingane, men det viste seg at den eine tanna var så skadd at ho måtte rotfyllast og setjast krone på. Den nye tannlegen meinte at om hola hadde blitt diagnostiserte og behandla då bilda blei tekne, ville behandlingsomfanget vore mindre på denne tanna, og kvinna hadde sloppe å få krone og rotfylling.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig allmenntannlege vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom den manglande diagnosen og behandlinga av hola i dei to jekslane. Det var ikkje i tråd med vanleg praksis når tannlegen oversåg at det var hol i desse tennene. Ubehandla fekk tannròten utvikle seg så mykje at det blei umogleg å reparere den eine tanna med vanleg fylling. På grunn av at tanna måtte rekonstruerast med rotfylling og krone, har levetida for tanna òg blitt meir usikker. For den andre tanna innebar den forseinka diagnosen berre at ho blei reparert eitt år seinare enn nødvendig.

Kvinna har rett til erstatning.