Marginal periodontitt – avslag

Ein mann søkte erstatning då han meinte at han hadde fått for dårleg oppfølging og behandling av tennene hos tannlegen sin. Han meinte dette førte til at han måtte trekkje tenner på grunn av tannkjøtbetennelse (periodontitt). Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Mannen gjekk ikke regelmessig til tannlegen, og han oppsøkte tannlege berre for akuttbehandling i ein periode på 15 år. Han oppsøkte ny tannlege i 2009. Då bar tannsettet preg av dårleg vedlikehald. Han hadde kroniske smerter i tennene og blødde i tannkjøtet. Undersøkinga som tannlegen gjorde, viste at det var betennelse i tannkjøtet, og tannlegen sette i gang systematisk behandling for dette. Mellom anna måtte han trekkje fleire tenner på grunn av tannkjøtbetennelsen og tannròte. Mannen fekk tilpassa delprotesar. Han fekk òg eit overslag over kva det ville koste å setje tennene i stand.

Seinare kom han til ein spesialist på tannkjøtbetennelse. Tennene var då byrja å losne, og det var ikkje anna å gjere enn å trekkje resten av tennene for å få bukt med betennelsestilstanden. Han fekk tilpassa protese, og etter kvart skal han få sett inn implantat.

Mannen meinte at han måtte trekkje tennene på grunn av at betennelsen blei diagnostisert og behandla for seint.

Vurderingen vår
Ein sakkunnig allmenntannlege vurderte saka.

Vi meinte at behandlinga mannen fekk hos dei tannlegane han hadde vore hos, var i tråd med vanleg praksis. Alt i 2009 diagnostiserte tannlegen at mannen hadde betennelsar i tannkjøtet, og han fekk systematisk behandling for dette. Fordi mannen ikkje hadde oppsøkt tannlege på mange år før dette, var det umogleg å stille diagnosen før.

Mannen har ikkje rett til erstatning.