Trykkskade under operasjon – avslag

Ein mann fekk muskel- og nerveskade i leggen etter ein ryggoperasjon. Han meinte måten han låg på operasjonsbordet og tida operasjonen tok, var årsaka til skaden. Han meinte at leie på olbogane og knea var feil. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 12. september 2019

Mannen blei operert for ein godarta svulst i ryggen. Operasjonen varte i seks timar, og blei gjort medan mannen låg i kne- og olbogeleie. Etter operasjonen fekk han trykkauke i den eine leggen og ein måtte gjere eit trykkavlastande inngrep. Mannen måtte gjennom fleire inngrep i leggen. Han fekk nedsett funksjon og nervesmerter i leggen etter dette. Undersøking viste at han hadde fått ein nerveskade i leggen i tillegg til muskelskaden.

Før operasjonen diskuterte kirurgen med anestesiologen korleis leiet på operasjonsbordet skulle vere for denne pasienten. Sidan inngrepet ville ta bortimot seks timar, var det viktig at han fekk best mogleg avlasting.

Ved langvarige operasjonar er det alltid ein viss risiko for trykkskade på musklar og nervar. Ein må òg ta omsyn til at pasienten får puste tilstrekkeleg. Det finst ingen absolutte retningslinjer for kva leie ein skal velje. Ein må vurdere individuelt kva leie som er best. I dette tilfellet valde kirurgen kne- og olbogeleie framfor mageleie.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i nevrokirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var godt grunnlag for å gjere inngrepet. Det var samanheng mellom trykkskaden i leggen og leiet mannen hadde under operasjonen. Ved at han låg på knea, fekk han trykket der.

Når kirurgen likevel valde denne måten å leggje mannen på, var det etter veging mot risikoen for dei skadane mannen kunne få ved mageleie. I dette tilfellet vurderte kirurgen at mageleie kunne føre til for stort press mot magen. Dette kunne påvirke blodsirkulasjonen og føre til blødingar. I tillegg var det risiko for alvorlege komplikasjonar i tilknyting til pust og sirkulasjon, særleg sidan mannen var overvektig.

Vi meinte at det valde leiet i dette tilfellet var i tråd med god medisinsk praksis.

Mannen har ikkje rett til erstatning.