Trykkskade under operasjon – medhald

Ein mann søkte erstatning for ein nerveskade han fekk i den eine olbogen under operasjon for kreft. Han meinte at han fekk trykkskaden på nerven fordi armen ikkje var godt nok polstra på operasjonsbordet. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 12. september 2019

Mannen blei operert for kreft i tarmen, liggjande på ryggen i narkose. Eit par dagar etter fortalde han om smerter i olbogen og han var doven nedover i handa. Ein spesialist i nevrologi konkluderte med at olbogebeinsnerven hadde fått ein trykkskade. Han meinte at mannen hadde fått skaden i samband med leiet på operasjonsbordet. Nerveskaden førte til permanent nedsett funksjon i handa. Mannen fekk òg ilande smerter og varig bortdovning i ring- og veslefingeren.

Vurderinga vår
Ein sakkunndig spesialist i anestesiologi vurderte saka.

Vi meinte at nerveskaden som oppstod i olbogen var ein typisk trykkskade som nervar i armar og bein er utsette for i tilknyting til operasjonar i narkose. Dei fleste slike trykkskadar oppstår på grunn av at pasienten ligg på operasjonsbordet med armane eller beina i feil stilling. For å unngå trykkskadar, er det viktig at plasseringa av pasienten på operasjonsbordet er nøye gjennomgått av anestesipersonellet før operasjonen.

I dette tilfellet meinte vi at det ikkje var tilstrekkeleg dokumentert korleis pasienten var lagd opp på operasjonsbordet, bortsett frå at han låg på ryggen. Det var ingen dokumentasjon for korleis armen låg eller korleis leiet var polstra. Sidan mannen fekk denne nerveskaden, meinte vi at plasseringa av armen under inngrepet ikkje hadde gitt trykkavlasting i tråd med god medisinsk praksis.

Mannen har rett til erstatning.