Høve til å klage

Det er skilnad på kva høve du har til å klage på avgjerder som gjeld legemiddelskadar.

Skriv ut Bokmål | English | 27. september 2019

Vi kan behandle erstatningskrav ved legemiddelskade både som ei pasientskadesak og ei legemiddelsak, sjå informasjon i boksen til høgre.

Pasientskadesaker 
Om saka di er behandla som ei pasientskadesak, kan du klage på vedtaket til Pasientskadenemnda (PSN). Helseklage er sekretariat for PSN og førebur saka.

Legemiddelsaker
Når NPE behandlar legemiddelsakene, utfører vi eit oppdrag for Norsk Legemiddelforsikring (NLF). Du har ikkje høve til å klage på avgjerda. Vil du gå vidare med saka, må du gå til rettssak.