Kva skal til for å få erstatning for ein legemiddelskade?

Her finn du informasjon om kva vilkår som må vere oppfylte for at du skal ha rett på erstatning for biverknadsskadar.

Regelverk

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2019

Om du meiner at du har fått ein skade i samband med bruk av legemiddel, eller ved utprøving av legemiddel, kan du krevje erstatning. Om du har rett til erstatning, er det i hovudsak det økonomiske tapet ditt som blir dekt.

Dette legg vi vekt på, når vi vurderer om du har rett til erstatning:

  • helsetilstanden din før bruken av legemiddelet
  • kva legemiddelet har å seie for sjukdomen
  • meinte og faktiske verknader av legemiddelet 
  • art og omfang av skaden

Skaden må skuldast biverknader
I utgangspunktet må skaden skuldast innhaldet i eit legemiddel. Du får ikkje erstatning for kjende biverknader, som går over når du sluttar å bruke legemiddelet. Kjende biverknader er noko du må tåle, om legemiddelet er nødvendig og effektivt i behandling av den sjukdomen du har.

Du må ha eit økonomisk tap
For å ha rett til erstatning, må du ha eit økonomisk tap. Dette kan vere inntektstap, tap av forsørgjar eller auka utgifter, til dømes til legebehandling, medisinar eller transport, som ikkje blir refunderte.

Om du har fått ein varig eller monaleg skade, kan vi utbetale meinerstatning sjølv om du ikkje har hatt noko økonomisk tap. Meinerstatning skal kompensere for redusert livskvalitet og livsutfalding. Den medisinske invaliditeten må då vere på 15 prosent eller meir.

Du kan ikkje krevje erstatning for tort og svie.

Saka må ikkje vere for gamal
Ein skade må meldast seinast tre år etter at du fekk kunnskap om at skaden skuldast legemiddelbruk. Legemiddelet må vere gitt til deg etter 1. juli 1989.

Legemiddel gitt etter 1989
Ordninga gjeld for legemiddel gitt til forbruk etter 1. juli 1989. Om du har fått ein skade som følgje av legemiddel gitt før dette tidspunktet, må du fremje erstatningskravet direkte mot produsenten av legemiddelet.