Saksbehandling

Når vi tek i mot søknadsskjema frå deg, vil vi starte utgreiing og innhente all nødvendig dokumentasjon i saka. Du vil bli fortløpande informert og få moglegheit til å kommentere undervegs.

Skriv ut Bokmål | English | 13. april 2018

Kva kan eg bidra med?

  • fylle ut søknadsskjemaet så rett som mogleg
  • gi oss eventuelle nye opplysingar om situasjonen din  undervegs i saksbehandlinga
  • overhalde dei svarfristane vi set
  • kontakte oss om du lurer på noko

Kostar det noko å krevje erstatning?
Nei, det er gratis.

Treng eg advokat?
I utgangspunktet treng du ikkje advokat for å søkje erstatning. Vi vil innhente alle relevante opplysingar, og sørgje for at saka blir greidd tilstrekkeleg ut.

Får du medhald i kravet ditt  om erstatning, vil du kunne få dekt utgifter til advokathjelp i rimeleg omfang for å fastsetje erstatningssummen.

Kven vurderer dei medisinske problemstillingane i saka mi?
Vi innhentar sakkunnig uttale frå spesialistar utanfor NPE. Kva løysing vi vel, er avhengig av kor kompleks saka er, og om våre interne sakkunnige har rett kompetanse i forhold til saka som skal vurderast.

Saksbehandlingsreglar
I samsvar med produktansvarslova § 3-10 gjeld forsikringsavtalelova. I tillegg følgjer vi dei alminnelege reglane om saksbehandling i forvaltingslova.