Utrekning av erstatning ved dødsfall

Regelverk på Lovdata

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

Om nokon døyr på grunn av ein pasientskade, vil vi dekkje vanlege utgifter til gravferd. I tillegg vil dei som blei forsørgde av avdøde ha rett til erstatning. Det kan til dømes vere ektefelle, sambuar og barn.

Som hovudregel vil ein ikkje få erstatta andre økonomiske tap, som til dømes inntektstap hjå etterlatne.

Korleis reknar vi ut storleiken på erstatninga ved dødsfall?
Erstatninga skal reknast ut etter lov om skadeserstatning og praksis frå domstolane. Erstatninga skal dekkje:

  • vanlege utgifter til gravferda og andre rimelege utgifter i høve dødsfallet
  • tap av forsørgjar, det vil seie tapet av det økonomiske bidraget avdøde hadde til familien, og innsatsen avdøde gjorde i form av arbeid og omsorg i heimen i ein omstillingsperiode

Når vi reknar ut erstatninga, trekkjer vi frå stønader som til dømes gravferdsstønad, pensjon til etterlatne og barnepensjon. Erstatninga blir gitt for ein avgrensa periode, fordi etterlatne har plikt til å kunne forsørgje seg sjølve etter kvart.

Utgifter til gravferd
Vi treng ei oversikt over utgifter i samband med gravferda, gjerne med kvitteringar. Typiske utgifter er til gravferdsbyrå, gravstein og minnestund.

Tapt forsørging
For å komme fram til erstatningssummen samanliknar vi den økonomiske situasjonen til familien før og etter dødsfallet og tek omsyn til at forbruket som den avdøde sjølv hadde, fell bort. For å få ei slik oversikt, hentar vi inn likningsopplysningar for familien og opplysningar frå NAV. Vi tek omsyn til skatt og til dei faste utgiftene familien har, som husleige, bustadlån, straum, forsikring og liknande. Vi trekkjer òg frå ytingar etterlatne tek i mot som følgje av dødsfallet, til dømes pensjonsytingar og forsikringar som arbeidsgjevaren har teikna.

Frå deg treng vi opplysningar om:

  • personar avdøde forsørgde (gi opp namn og fødselsnummer)
  • pensjons- og forsikringsutbetalingar som følgje av dødsfallet
  • dei faste utgiftene til familien. Som faste utgifter reknar vi vanlegvis følgjande:
    - renter og avdrag på bustadlån
    - husleige
    - straum og fyring
    - kommunale avgifter
    - forsikringar
    - telefon og breiband
    - tv-lisens og abonnement
    - avis
    - årsavgift bil
  • eventuelle endringar i dei faste utgiftene til familien etter dødsfallet.

Forskot
Det vil ta noko tid før vi kan treffe eit endeleg vedtak om storleiken på erstatninga. Det kan difor vere aktuelt å utbetale delar av erstatninga undervegs. Vi ber deg om å ta kontakt med oss dersom du har behov for dette.

Informasjon om skatt på erstatninga
Dei etterlatne skal ikkje betale skatt på erstatninga for utgifter, forsørgjartap og tap av avdøde sin innsats og arbeid i heimen. Renter må dei likevel betale skatt på.

Dei etterlatne må betale skatt på renteinntekter av eingongssummen som skal dekkje det framtidige tapet. Vidare kan utbetalinga frå oss innebere at dei etterlatne må betale formuesskatt. For å kompensere for denne skatteulempa, gir vi eit tillegg i erstatninga.

Vi sender inn ei oversikt over erstatningsutbetalingane til skatteetaten ved årsskiftet.

Treng du advokat?
Saksbehandlaren vår vil samarbeide med deg for å få alle dei opplysingane vi treng for rekne ut rett erstatning. Ynskjer du likevel hjelp av ein advokat under erstatningsutrekninga, dekkjer vi rimelege og nødvendige utgifter til dette. Kva som er rimeleg og nødvendig omfang på hjelpa, vurderer vi konkret i kvar sak. Har du advokat, vil all korrespondanse gå direkte til advokaten.

Har du spørsmål, må du gjerne ta kontakt med oss.