Utrekning av erstatning til barn - før 01.03.2018

Informasjon om korleis vi reknar ut storleiken på erstatning til barn, når skaden har skjedd før 01.03.2018.

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

Om erstatningssøkjaren har rett til erstatning, vil vi rekne ut storleiken på erstatninga.

Korleis reknar vi ut storleiken på erstatninga til barn?
Erstatninga skal reknast ut etter lov om skadeerstatning og praksis frå domstolane. I denne orienteringa finn du informasjon om korleis dette blir gjort i praksis. Dei vanlege erstatningspostane i denne typen saker er:

  • standarderstatning barn
  • utgifter

Standarderstatning barn
Dersom barn under 16 år har fått livsvarig og monaleg skade, har barnet rett på standarderstatning. Standarderstatninga skal dekkje både framtidig inntektstap og meinerstatning. Meinerstatning blir gitt for tapt livskvalitet.

Med monaleg meiner vi at skaden må gi ein medisinsk invaliditet på minst 15 prosent. For å fastsetje invaliditetsgraden nyttar vi ein eigen tabell som blir brukt ved personskadar.

Når skaden barnet har fått, gir 100 prosent varig medisinsk invaliditet, utgjer erstatninga 40 x grunnbeløpet (G) i folketrygda på utbetalingstidspunktet. Ved lågare invaliditetsgradar blir erstatninga redusert tilsvarande.

Utgifter
Rimelege og nødvendige utgifter som kjem av behandlingsskaden, skal dekkjast. Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekte av andre, til dømes av NAV. Dei mest vanlege utgiftspostane i denne typen saker er:

  • pleie og omsorg
  • bil og transport
  • bustadtilpassing
  • eigendelar med meir

Utgifter til pleie og omsorg
Høgsterett har sagt at det må skiljast mellom ytingar som skal dekkje medisinske behov, sosiale behov og sosialmedisinske behov. Dette kan vi kaste lys over med nokre eksempel:

  • Sosiale behov: Aktivitetar som er viktige for livskvalitet, som idretts- og kulturtilbod, turar i skog og mark, besøk hos vener og kino. Når det gjeld utgifter til reine sosiale behov, blir dette dekt av meinerstatninga, som går inn i den standardiserte erstatninga.
  • Medisinske behov: Nødvendig behandling og helsehjelp som legebehandling, opphald på sjukehus, fysioterapi, trening og rekonvalesens og medisinar. Dette blir dekt av det offentlege.

  • Sosialmedisinske behov: Tiltak som bidreg til auka sjølvstende, fridom og trivsel i kvardagen. Meininga er at desse tiltaka skal utnytte dei ressursane ein har, trass i skaden. Gjennom slik hjelp kan ein oppnå kontakt med andre, halde ved lag funksjonsnivået sitt og auke trivselen. Erstatninga kan brukast til løn til hjelparar, personleg assistanse eller til å kjøpe meir avlastingstenester. Dette inkluderer òg tiltak som kan gjere det mogleg for eit meir aktivt liv og fleksibilitet. Erstatninga for pleie og omsorg er meint å dekkje desse behova.

Ofte vil det vere glidande overgangar mellom det ein må sjå på som eit medisinsk behov, det som er eit sosialmedisinsk behov, og det som ein må sjå på som eit reint sosialt behov.

Det er berre ekstrautgifter som følgje av skaden som skal dekkjast. Det tapet erstatningssøkjaren krev, må liggje innanfor det som er rimeleg og nødvendig å dekkje, og ein skal alltid ta utgangspunkt i det barnet treng. Tidsbruk som har karakter av familiær eller sosial omgang, blir normalt ikkje erstatta. Friske barn har òg eit relativt omfattande behov for pleie og omsorg dei første leveåra. Etter kvart som barnet blir eldre, aukar skilnaden mellom dei behova skadde og friske barn har. Då aukar ekstrainnsatsen frå foreldra.

Den årlege erstatningssummen dekkjer òg utgifter til hjelpar i feriar og fritid. Han dekkjer også nødvendig arbeid med å søkje om offentlege ytingar. Kommunen og NAV har eit ansvar for å rettleie om dei ytingane pasienten og familien har krav på.

Gjennom denne erstatninga får barnet dekt utgifter til pleie og omsorg. Denne erstatninga kjem i tillegg til at erstatningssøkjaren og foreldra hans/hennar vanlegvis òg får offentlege ytingar i form av mellom anna auka hjelpestønad, omsorgsløn og avlasting. Alt dette er tiltak for å dekkje behovet for pleie og omsorg.

Behovet for ekstra pleie og omsorg kan familien anten velje å dekkje sjølv, eller dei kan kjøpe tenester. I ein del familiar ser vi at familien dekkjer dette behovet ved at foreldra jobbar mindre. Inntektstap som følgje av dette blir i så fall ikkje dekt særskilt, men gjennom den erstatninga barnet har fått til pleie og omsorg. Det avgjerande er ikkje kven som hjelper barnet, men dei konkrete behova barnet har.

Som nemnt er hovudregelen at det berre er barnet som har krav på erstatning. Når tapet allereie er påført, kan ein likevel utbetale erstatninga til andre enn barnet, vanlegvis foreldra. Når det gjeld utgifter til framtidige pleie- og omsorgstenester, blir dette utbetalt direkte til barnet.

Utgifter til bil og transport
Ekstrautgifter som kjem av skaden, skal dekkjast av oss. Vi vil derfor samanlikne kva bil- og transportutgifter familien ville ha hatt med og utan skaden. Familien kan ha krav på stønad frå NAV til å kjøpe bil, og grunnstønad til å dekkje auka transportutgifter. Dekninga frå NAV avheng av familieinntekta, men maksimal eigendel er 150 000 kroner. Erstatninga til innkjøp av bil må vi vurdere konkret, og det er viktig at familien undersøkjer kva rettar ein har hos NAV. Om skaden likevel fører til ekstrautgifter til å kjøpe bil, skal vi erstatte dei.

For å finne ut kor store ekstrakostnadene til transport er, må vi ta omsyn til at køyring til og frå barnehage og skule, til lege, behandling osv., blir dekt av det offentlege. Køyring i samband med sosiale aktivitetar blir dekt av meinerstatninga.

Tek ein omsyn til desse omstenda, kjem det i mange tilfelle ikkje til å oppstå ekstrautgifter til transport.

Utgifter til å tilpasse bustad
Dersom skaden har ført til at det er behov for å tilpasse eller byte bustad, kan vi erstatte slike ekstrautgifter. Kva slags bustaderstatning som er aktuell, avheng av mange omstende som

  • kva skade og behov barnet har
  • busituasjonen på skadetidspunktet
  • i kva grad bustaden er eigna for tilpassing
  • behovet for å byte bustad

For å vurdere denne erstatninga treng vi ofte å sjå bustaden.

Difor er det viktig at de ikkje set i gang tiltak før de har vore i kontakt med oss.

Andre utgifter
I tillegg til dei postane som er omtalte over, kan det også oppstå andre utgifter som kjem av behandlingsskaden. Det mest vanlege er utgifter i samband med legebehandling, medisinar, fysioterapi og transport. Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekte av andre, til dømes NAV, som dekkjer ulike utgifter ved sjukdom og skade. Treningsutstyr av ulik art og tekniske hjelpemiddel kan ein vanlegvis krevje at hjelpemiddelsentralen dekkjer. Ein må derfor undersøkje kva NAV og hjelpemiddelsentralen dekkjer. Barn under 16 år betalar ikkje eigendel for medisinsk behandling.

Erstatninga dekkjer utgifter fram til i dag (påførte utgifter) og sannsynlege utgifter framover(framtidige utgifter).

Renter
Du har krav på renter på tap du har hatt fram til no. Vi reknar renter for kvart tapsår, men tidlegast frå éin månad etter at vi fekk skademelding i saka.

Utrekning av framtidig tap
Erstatning for framtidig tap skal betalast ut som ein eingongssum. Sjølv om tapa kjem til å oppstå i åra framover, får barnet summen til disposisjon allereie no. Når vi reknar ut erstatninga, tek vi omsyn til at barnet kjem til å få renteinntekter på summen. Dette blir kalla kapitalisering, og vi kan illustrere det med eit døme: Eit årleg framtidig tap på 10 000 kroner per år i ti år gir ei utbetaling på 100 000 kroner. Dette vil gi barnet eit overskot, fordi han eller ho får renter på erstatningssummen gjennom dei ti åra. Ettersom vi tek omsyn til desse renteinntektene, dekkjer ei utbetaling på 81190 kroner i dette dømet eit årleg tap på 10 000 kroner i ti år framover.

Informasjon om skatt på erstatninga
Erstatning til barn er ikkje skattepliktig, men renter må dei betale skatt på. Barnet må betale skatt på renteinntekter av eingongssummen som skal dekkje det framtidige tapet, sjå ovanfor. Vidare kan utbetalinga frå oss innebere at barnet må betale formuesskatt. For å kompensere for denne skatteulempa, gir vi eit tillegg i erstatninga.

Vi gjer merksam på at barn under 21 år kan vere fritekne for formuesskatt. Ta difor kontakt med skatteetaten.

Vi sender inn ei oversikt over erstatningsutbetalingane til skatteetaten ved årsskiftet.

Forskot
Det vil ta litt tid før vi kan treffe eit endeleg vedtak om erstatning. Difor kan det vere aktuelt å utbetale delar av erstatninga undervegs. Vi ber deg om å ta kontakt med oss dersom du treng dette.

Rolla til verjemålsmakta
Verjemålsmakta pliktar å forvalte midlar som høyrer til mindreårige, når midlane utgjer to gonger grunnbeløpet i folketrygda eller meir. Forvaltninga varer normalt fram til barnet er myndig, 18 år.

Har du rett til å få dekt utgifter til eigen advokat?
Om du ynskjer advokathjelp i samband med utrekninga av erstatning, dekkjer vi rimelege og nødvendige utgifter til dette. Kva som er rimeleg og nødvendig omfang på hjelpa, vurderer vi i kvar enkelt sak.

Har du spørsmål, må du gjerne ta kontakt med oss.