Utrekning av erstatning til barn - etter 01.03.2018

Informasjon om korleis vi reknar ut erstatning til barn, når skaden har skjedd etter 01.03.2018.

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

Korleis reknar vi ut storleiken på erstatninga til barn?
Erstatninga skal reknast ut etter skadeserstatningslova og praksis frå domstolane. I denne orienteringa vil du finne informasjon om korleis dette blir gjort i praksis.

Dei vanlege erstatningspostane i denne type saker er:
• meinerstatning
• inntektstap
• redusert evne til å arbeide i heimen
• utgifter

Meinerstatning
Har barnet fått ein varig og monaleg skade, har det rett på meinerstatning. Meinerstatning blir gitt for tapt livskvalitet, uavhengig av om ein har hatt eit økonomisk tap.

Med varig meiner vi vanlegvis at skaden varer i ein periode på minst ti år.

Med monaleg meiner vi at skaden må gi medisinsk invaliditet på minst 15 prosent. For å fastsetje medisinsk invaliditet brukar vi ein eigen tabell for personskadar.

Utrekninga byggjer på medisinsk invaliditetsgrad, alder på skadetidspunktet og grunnbeløpet i folketrygda.

Inntektstapserstatning til barn
Om barn under 19 år har fått ein livsvarig og monaleg skade, har barnet rett på erstatning for inntektstap og erstatning for redusert evne til å arbeide i heimen.

Med monaleg meiner ein at skaden må gi ein medisinsk invaliditet på minst ti prosent. For å fastsetje invaliditetsgraden nyttar ein ein eigen tabell som blir brukt ved personskadar.

Inntektstap
Inntektstapet blir som hovudregel rekna ut i to fasar:

• I fase 1 skal vi erstatte inntektstapet til barnet fram til og med det året det fyller 21 år. Erstatninga skal dekkje tapte inntekter frå deltidsarbeid og sommarjobbar. Vi gir erstatning etter eigne tabellar på bakgrunn av den medisinske invaliditeten barnet har. Det er eit krav om minst ti prosent medisinsk invaliditet.

• I fase 2 reknar vi ut inntektstapet frå og med det året pasienten fyller 22 år. Utrekninga tek ikkje lenger utgangspunkt i den medisinske invaliditeten pasienten har, men den reduserte inntektsevna til pasienten (ervervsuførleik). Erstatninga blir som hovudregel rekna ut det året pasienten fyller 21 år og utgjer 50,8 G ved 100 prosent ervervsmessig uførleik. Ved lågare uføregrad blir erstatninga redusert tilsvarande.

Med G meiner ein grunnbeløpet i folketrygda  på oppgjerstidspunktet.

Det finst enkelte unnatak frå hovudregelen:

• Om det er openbert at barnet blir 100 prosent varig ervervsufør, kan vi fastsetje erstatninga tidlegare enn det året barnet fyller 21 år.

• I saker der barnet har fått svært alvorleg skade, kan vi òg når som helst utbetale erstatning, men då som om barnet er 100 prosent varig ervervsufør. Erstatninga blir då justert etter alderen til barnet på oppgjerstidspunktet.

• Som eit alternativ til erstatning etter tofasemodellen har pasientar med ein medisinsk invaliditet mellom 10 og 25 prosent, ein valfridom til i staden å krevje eingongserstatning etter ein modell basert på medisinsk invaliditet. Dette kan vere aktuelt for dei mindre og meir moderate skadane. Krav etter denne modellen må sendast skriftleg til NPE innan fem år frå skadeverknadstidspunktet og seinast det året pasienten fyller 16 år. Med skadeverknadstidspunktet meiner vi det tidspunktet då pasienten opplevde dei fyrste symptoma på nedsett helsetilstand. Dei konkrete erstatningssummane vil gå fram av tabellar som står i ei eiga forskrift.

• Om pasienten ikkje er medlem av folketrygda, kan vi fråvike dei standardiserte reglane og tilpasse erstatningssummane etter ei konkret vurdering.

Redusert evne til å arbeide i heimen
• Det er eigne reglar om erstatning for redusert evne til å arbeide i heimen. Om vilkåra er oppfylte, utbetalar vi ei standardisert eingongserstatning etter ei gruppeinndeling. Vi vurderer den totale evna til heimearbeid innan vedkomande gruppe.

• Vi utbetalar ei eingongserstatning med 4 G, når pasienten har fått varig tap av evna til å utføre ein vesentleg del av tyngre heimearbeid.

• Vi utbetalar ei eingongserstatning med 8 G, når pasienten har fått varig tap av evna til å utføre ein vesentleg del av òg lettare heimearbeid.

• Med G meiner ein grunnbeløpet i folketrygda  på oppgjerstidspunktet.

Utgifter
Rimelege og nødvendige utgifter som skuldast behandlingsskaden skal dekkjast. Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekte av andre, til dømes av NAV. Dei mest vanlege utgiftspostane i denne type saker er:
• pleie og omsorg
• bil og transport
• bustadtilpassing
• eigendelar med meir

Utgifter til pleie og omsorg
Høgsterett har sagt at det må skiljast mellom ytingar som er meint å dekkje medisinske behov, sosiale behov og sosialmedisinske behov. Dette kan utdjupast med nokre eksempel:

• Sosiale behov: Aktivitetar som har noko å seie for livskvalitet som til dømes idretts- og kulturtilbod, turar i skog og mark, besøk hos vener og kino. Når det gjeld utgifter til reine sosiale behov, blir dei dekte av meinerstatninga som inngår i den standardiserte erstatninga.

• Medisinske behov: Nødvendig behandling og helsehjelp som til dømes legebehandling, innlegging på sjukehus, fysioterapi, trening og rekonvalesens og medisinar. Dette blir dekt av det offentlege.

• Sosialmedisinske behov: Tiltak som bidreg til auka sjølvstende, sjølvstende og trivsel i kvardagen. Desse tiltaka er meint brukt til å utnytte dei ressursane ein har trass i skaden. Gjennom slik støtte vil ein kunne oppnå kontakt med andre, oppretthalde funksjonsnivået sitt og auke trivselen. Erstatninga kan brukast til løn til hjelparar, personleg assistanse eller kjøp av ytterlegare avlastingstenester. Dette vil òg inkludere tiltak som kan gi moglegheit for eit meir aktivt liv og fleksibilitet. Erstatninga for pleie og omsorg er meint å dekkje desse behova.

Ofte vil det vere glidande overgangar mellom kva som er å sjå på som eit medisinsk behov, kva som er eit sosialmedisinsk behov og kva som er å sjå på som eit reint sosialt behov.

Det er berre ekstrautgifter som følgje av skaden som skal dekkjast. Det tapet ein krev må liggje innanfor det som er rimeleg og nødvendig å dekkje, og det skal alltid takast utgangspunkt i behovet til barnet. Tidsbruk som har karakter av familiær eller sosial omgang vil normalt ikkje bli erstatta. Òg friske barn har eit relativt omfattande behov for pleie og omsorg dei fyrste leveåra. Etter kvart som barnet blir eldre aukar forskjellen mellom behova til skada og friske barn. Ekstrainnsatsen til foreldra vil då auke.

Den årlege erstatningssummen dekkjer òg utgifter til hjelpar i feriar og fritid. Han dekkjer òg nødvendig arbeid med å søkje om offentlege ytingar. Kommunen og NAV har eit ansvar for å rettleie om dei ytingane erstatningssøkjaren og familien har krav på. Gjennom denne erstatninga får barnet dekt utgifter til pleie og omsorg. Denne erstatninga kjem i tillegg til at erstatningssøkjaren og foreldra hans/hennar  vanlegvis òg vil få offentlege ytingar, mellom anna forhøgd hjelpestønad, omsorgsløn og avlasting. Alt dette er tiltak for å dekkje behovet for pleie og omsorg.

Behovet for ekstra pleie og omsorg kan familien anten velje å dekkje sjølv, eller gjennom å kjøpe tenester. I ein del tilfelle ser vi at familien dekkjer dette behovet ved at foreldra jobbar redusert. Inntektstap som følgje av dette blir i så fall ikkje dekt særskilt, men gjennom den erstatninga barnet har fått til pleie og omsorg. Det avgjerande er ikkje kven som hjelper barnet, men det konkrete behovet barnet har.

Som nemnt er hovudregelen at det berre er barnet som har krav på erstatning. Ved allereie påførte tap kan erstatninga likevel utbetalast til andre enn barnet, vanlegvis foreldra. Når det gjeld utgifter til framtidige pleie- og omsorgstenester vil desse bli utbetalte direkte til barnet.

Utgifter til bil og transport
Ekstrautgifter som kjem av skaden, skal dekkjast av oss. Vi vil derfor samanlikne kva bil- og transportutgifter familien ville ha hatt med og utan skaden. Familien kan ha krav på stønad frå NAV til å kjøpe bil, og grunnstønad til å dekkje auka transportutgifter. Dekninga frå NAV avheng av familieinntekta, men maksimal eigendel er 150 000 kroner. Erstatninga til innkjøp av bil må vi vurdere konkret, og det er viktig at ein undersøkjer kva rettar ein har hos NAV. Om skaden likevel fører til ekstrautgifter til å kjøpe bil, skal vi erstatte dei.

For å finne ut kor store ekstrakostnadene til transport er, må vi ta omsyn til at køyring til og frå barnehage og skule, til lege, behandling osv., blir dekt av det offentlege. Køyring i samband med sosiale aktivitetar blir dekt av meinerstatninga.

Tek ein omsyn til desse omstenda, kjem det i mange tilfelle ikkje til å oppstå ekstrautgifter til transport.

Utgifter til å tilpasse bustad
Dersom skaden har ført til at det er behov for å tilpasse eller byte bustad, kan vi erstatte slike ekstrautgifter. Kva slags bustaderstatning som er aktuell, avheng av mange omstende som til dømes:

  • kva skade og behov barnet har
  • busituasjonen på skadetidspunktet
  • i kva grad bustaden er eigna for tilpassing
  • behovet for å byte bustad

For å vurdere denne erstatninga treng vi ofte å sjå bustaden.

Difor er det viktig at de ikkje set i gang tiltak før de har vore i kontakt med oss.

Andre utgifter
I tillegg til dei postane som er omtalte over, kan det også oppstå andre utgifter som kjem av behandlingsskaden. Det mest vanlege er utgifter i samband med legebehandling, medisinar, fysioterapi og transport. Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekte av andre, til dømes NAV, som dekkjer ulike utgifter ved sjukdom og skade. Treningsutstyr av ulik art og tekniske hjelpemiddel kan ein vanlegvis krevje dekt av hjelpemiddelsentralen. Ein må difor undersøkje kva NAV og hjelpemiddelsentralen dekkjer. Barn under 16 år betalar ikkje eigendel for medisinsk behandling.

Erstatninga dekkjer utgifter fram til i dag (påførte utgifter) og sannsynlege utgifter framover(framtidige utgifter).

Renter
Du har krav på renter på tap du har hatt fram til no. Vi reknar renter for kvart tapsår, men tidlegast frå éin månad etter at vi fekk søknad om erstatning i saka.

Utrekning av framtidig tap
Erstatning for framtidig tap skal betalast ut som ein eingongssum. Sjølv om tapa kjem til å oppstå i åra framover, vil  barnet få summen til disposisjon allereie no. Når vi reknar ut erstatninga, tek vi omsyn til at barnet kjem til å få renteinntekter på summen. Dette blir kalla kapitalisering, og vi kan illustrere det med eit eksempel: Eit framtidig tap på 10 000 kroner per år i ti år ville med ei utbetaling på 100 000 kroner innebere eit overskot for barnet. Dette fordi han eller ho får renter på erstatningssummen gjennom dei ti åra. Ettersom vi gjer frådrag for desse renteinntektene, vil utbetalinga bli på 82 700 kroner.

Informasjon om skatt på erstatninga
Erstatning til barn er ikkje skattepliktig, men renter må dei betale skatt på. Barnet må betale skatt på renteinntekter av eingongssummen som skal dekkje det framtidige tapet, sjå ovanfor. Vidare kan utbetalinga frå oss innebere at barnet må betale formuesskatt. For å kompensere for denne skatteulempa, gir vi eit tillegg i erstatninga.

Vi gjer merksam på at barn under 21 år kan vere fritekne for formuesskatt. Ta difor kontakt med skatteetaten.

Vi sender inn ei oversikt over erstatningsutbetalingane til skatteetaten ved årsskiftet.

Forskot
Det vil ta litt tid før vi kan treffe eit endeleg vedtak om storleiken på erstatninga. Difor kan det vere aktuelt å utbetale delar av erstatninga undervegs. Vi ber deg om å ta kontakt med oss dersom det er behov for dette.

Rolla til verjemålsmynda
Verjemålsmynda pliktar å forvalte midlar som høyrer til mindreårige, når midlane utgjer to gonger grunnbeløpet i folketrygda eller meir. Forvaltninga varer normalt fram til barnet er 18 år og myndig.

Treng du advokat?
Saksbehandlaren vår vil samarbeide med deg for å få alle dei opplysingane vi treng for rekne ut rett erstatning. Ynskjer du likevel hjelp av ein advokat under erstatningsutrekninga, dekkjer vi rimelege og nødvendige utgifter til dette. Kva som er rimeleg og nødvendig omfang på hjelpa, vurderer vi konkret i kvar sak. Har du advokat, vil all korrespondanse gå direkte til advokaten.

Kontakt oss
Om du har spørsmål, kan du ringje servicesenteret vårt på telefon 22 99 45 00. Dei vil formidle kontakt med rett fagperson hos oss.